mandag 26. mars 2012

Meir buksbomhekk

Desse bileta vart tatt mellom kvelds og legging av born og er litt skeive og rare kanskje. Bodskapen er likevel klar, vi har planta meir hekk! I dette innlegget frå august ifjor fortalte eg om hekken vi byrja å plante rundt terrassen. Eg kjøpte 15 planter med buksbom for 20 kr stykk i vinter, men har ikkje fått planta i før no. Vi manglar berre tre planter før vi er ferdige.  
Buksbom veks seint, men det vert fint til slutt. Vi har opning ut på begge sider og framme. Vi er ikkje plaga med vind, men eg vil at terrassen skal verke lunare og koselegare enn den er idag. No står det berre ei terrasse midt på plenen og det er litt keisamt. I bakgrunnen kan dokke sjå garasja, og der som el-bilen står skal det kome jord og plen. Det vert bra til slutt, men tolmod er ein viktig ingrediens i hagearbeid har eg merka meg.
Heile familien engasjerte seg i plantinga. Ungane fekk sprute vatn i hola Espen hadde gravd, annakvar gong sjølvsagt, og eg blanda jord og hønsegjødsel. Avstanden er ganske tett, men det er meininga det altså. Vi har fått gode råd av folk som veit.
På denne sida av terrassen er det eg har planlagt ein rosa hage. Og eg er på god veg. Bedet skal forandre litt form, men det må vente nokre månadar enno. I bedet er dei rosa tulipanane, kvite påskeliljene samt perleblomar og eit par gule stauder på veg opp. Både det gule og det blå skal ut av dette bedet, men inntil dei andre beda er klar skal dei få stå. Eg ser løytnantshjarta og peonane er også på veg opp. Spennande! Bak stria står ein kamelia. Og den har klart seg heilt fint i vinter. Årsaka til at eg har strie på er å beskytte den mot kaldt vèr og skarp vårsol. Den er meir raud enn rosa så den vert nok flytta etterkvart den og. Slik er det når ein er litt for opptatt av at fargane skal harmonere i bedet.

1 kommentar:

Lina sa...

Hihi, du er så søt med fargeplanane dine :) elskar namna du har satt for dei ulike delane av hagen! ♥