For nokre flotte folk vi kjenner! Når våren kjem med si første solhelg og tid ved solveggen er fristande, så stiller folk opp for å hjelpe oss med garasja. Det er så utruleg kjekt å gi desse mannane kaffi, kaker, pølse og øl når vèret er nydeleg og lysta til å arbeide er stor. Alle har vore i godt humør og gjort ein glimrande innsats.
Laurdag byrja dagen med å lage stillas. Sola var på himmelen frå den sto opp og det vart ein fin start på dagen. Onklane til Espen, Jostein og Steffen, hjalp til saman med kompisen Ole André.Arbeidsoppgåvene vart fordelt med Espen og Steffen på taket medan Ole André og Jostein kappa og bar det som trengtes.
Sjekk den blå himmelen, er det ikkje herleg?
Dette bilete fekk eg nostalgisk kjensle av. Noko med lyset og gamle bileter trur eg. Iløpet av laurdagen fekk dei lagt sultak på heile taket. Hipp hurra, no er taket tett!
Eg viser til forrige innlegg om garasja og konsekvensane av å ha material liggande under presenning i nesten to år. Garasjeportane er svarte av sopp og vi har ein stor jobb framfor oss med dei. Sola fekk tørka dei og no ligg dei i garasja under tak.
Kommunen bryr seg ikkje når ein seier at det hastar med å bygge garasja fordi materialet held på å verte øydelagt. Men om du tilfeldigvis skulle ha ein jobb kor du behandlar slike saker, tenk om att. Dette er sopp som har lagt seg på trykkimpregnert materiale. Ikkje vakkert og arbeidet med å behandle garasja vert desto meir.
Dei fire karane kosar seg i sola med kald øl etter ein lang dag med flott innsats.
Det er søndag og karane er klar klokka halv elleve om morgonen. Onklane og Stian, søskenbarnet til Espen, stiller opp med varme jakker denne kalde morgonen.
Dagen tok seg opp i eitt-tida då sola kom fram frå skodda. Igår gjorde dei ferdig gavlane og la asfaltplater.
Og slik står garasja no. Espen har tatt ut syklar og sykkelvogn som sto i gangen, inngangspartiet er tømt og no byrjar vi å sjå plassen som kanskje andre tek som sjølvsagt. Herleg!
På sida av garasja har Espen planlagt ei bod, men akkurat no er eg berre nøgd det går framover med garasja. Neste plan er å kle gavlane før dei fortsett med taket. Etter ei slik helg var Espen ganske sliten og trøytt, men veldig nøgd. Og det med god grunn.
2 kommentarer:
Så snille mennesker dere har rundt dere!! Kjekt å virkelig komme i gang, til tross for at jeg aldri har sett så stygge materialer :( huff!! Håper dere får det rent!!
Må si jeg likte leikestativet deres, hvor får man kjøpt slikt og hva koster det? Må jo ha noe slikt etterhvert vi og ;)
Så godt å få god hjelp til arbeidet!
Også ekstra godt for de som tar i ett tak å ha deilig vårvær :)
Klem Lene
Legg inn en kommentar