For ei veke sidan hadde vi eit kraftig tordenvèr over oss og internett slutta sjølvsagt å fungere. No har nytt modem kome i hus og eg kan fortsette hageplanlegginga. Eg har kartlagt kva roser eg synest har dei beste kvalitetane og som kan vere aktuell å plante i hagen. Eg har som sagt ein blå og ein lilla hage under planlegging, men den rosa hagen har eksistert i ein sesong allereie. Det manglar litt i den framleis og derfor har eg funne ein del rosa roser som passar godt her. I den blå hagen vert det kvite roser sidan blå roser ikkje finnast.
Stilkrose 'Blue Moon'. Kjærleik ved første blikk og den einaste lilla rosa eg fann som eg synest er fin. Høgde 60-80 cm, klimasone H4 (Vestplant as).Klatrerose 'Coral Dawn'. Rørande vakker. Høgde 2,5-3 meter, klimasone H4 (Vestplant as).
Klaserose 'Astrid Lindgren'. Høgde 0,8- 1 meter, klimasone H6 (Vestplant as).
Stilkrose 'Karen Blixen'. Høgde 50- 80 cm, klimasone H4 (Vestplant as).
Klaserose 'Schneewitchen'. Høgde 1,1 meter, klimasone H5 (Vestplant as).
Klatrerose 'Constance Spry'. Høgde 3 meter, klimasone H4-H5. Kraftig duft, Austinrose. Ikkje så lang blometid, men denne er til å ete opp. Sjå kor vakker den er! (BoGrønt Rom)Klaserose 'Mary Rose'. Høgde 120 cm, klimasone H5. Austinrose. Kraftig duft, remonterer godt heile sesongen (Vestplant AS).
Buskrose 'Louise Odier'. Høgde 1-1,2 meter, klimasone H6. Austinrose. Kraftig duft, blømer fleire gongar (Vestplant AS).
Har du nokre gode forslag til roser som helst er fylte og store i lilla? Eller ei anna rose som eg har gått glipp av? Roser er utruleg vakre, men fordi dei ikkje blømer frå vår til haust så kjem eg ikkje til å ha eit eige rosebed. Eg treng ein del klatreroser som saman med klematis vil fylle buer og espalier. I tillegg vil stilkroser og klaseroser vere innimellom stauder og liljer. Tenk om dette vert sant, tenk om det faktisk vil verte slik som eg har tenkt? Sukk.. kjenner eg kan lett verte veldig lukkeleg.
2 kommentarer:
Flink du e :-) Kjenner kor eg gleder meg til vår og sommar :-)
"Rhapsody in blue" planta eg i fjor. Mørk lilla roser, og i fjor var ho i hvertfall fin. :) (ikkje så unik plante då, men...)
Legg inn en kommentar