Det var vel på tide å blogge om noko anna enn hage. Det er trass alt ikkje den tida av året vi er inne i, men det har vore så mørkt og dystert i fleire veker no at det passa med litt å sjå fram mot. Idag hadde vi ein flott dag med sol og kvitdekt bakke. Det er ikkje mykje kvitt som er utanfor, men nok til at det lysar opp.
Malin tok på seg skisko og tok skia ut. Det vart ikkje heilt slik som planlagt for snøen var hard som glas. Det er likevel alltid godt med litt frisk luft og sol i fjeset.Emil hadde store problemer med å halde seg på beina fordi det var så glatt.
Med litt hjelp så gjekk det bra, iallefall litt betre.
Emil koste seg ut sjølv om det vart litt vanskeleg for han. Vi måtte til slutt bere han noko som forkortar utetida drastisk.
Pappa og Malin skuar nedover dalen. Eg trur nok Malin håpar på litt mjukare snø ganske snart for ho er veldig ivrig etter å få prøve dei fine, rosa skia sine. Emil og Malin likar godt å vere ute og leike, så vi får håpe at vi får litt betre leikeføre. Det har vore ein flott solskinnsdag idag og det er godt å vite at vi er mot lysare tider.
7 kommentarer:
Så herlig med litt utetid med barna vil jeg tro - og ikke bare banning over hålke!!
Lillemann her koste seg i vogna i dag og jeg fikk meg både trilletur og hestetid!!
Flotte utebilder! Har vært ute i snøkaoset i dag, vi og.
veldig godt å ha ham ute ja. artig å se hvem som bodde i magen!!
Søtingar :)
Her er det lassevis med snø, so ungane er ute både seint og tidleg :)
Herleg når det er skikkeleg vinter :)
Klem
Hihi, ja sant? ;) viktig å gleda seg! ♥
Stakkar Malin, endå ikkje vore særleg til mjuk snø!
Da er det godt det har kommet litt mer av den fine snøen nå!
Fryktelig med denne influensaen som herjer! God bedring til deg også! Klem:)
Herleg med snjo. Reknar me at de har fått litt meir no og mjuk og fin og!
Klem!
Legg inn en kommentar