søndag 15. mai 2011

Sykkelhelg

Det har vore stille nokre dagar på bloggen, men mykje har skjedd den siste veka. Eg har vore i Oslo i tre dagar med jobben og då eg kom heim vart eg sjuk. Det er så typisk at når eg endeleg får kvile og sove heile natta, så vert eg sjuk rett etterpå. Helga har likevel ikkje gitt rom for ro og kvile då Espen og tre andre har arrangert sykkelløp her på Osterøy. Osterøy Rundt gjekk av stabelen for første gong og 25 menn var deltakarar av ei krevande løype på 73 km.
På toppen av Røskelandsdalen og Espen er ved godt mot. Véret er bra og deltakarane er i strålande humør.
Min jobb denne dagen var å ta bilete under løpet fordelt på fleire stadar. I bilen måtte borna vere med og dei var stort sett snille heile vegen. Ein del ventetid vart løyst med kjeks og saft. Med paracet innabords og klinex i veska kom eg gjennom dagen. Eg fekk tatt bilete fleire stadar og med hjelp av tre andre fekk vi dekka løpet ganske bra. Malin sto med flagg og vinka sykkelistane forbi. Her står vi på toppen av Herlandssvingane, den mest krevande bakken i løpet.
Nesten alle fullførte løpet og det var stor stemning. Trass kramper og punkteringar var det ingen klager då dei kom i mål. Dei 25 som var med fekk seg fest på kvelden med lysbileteframvising, film, quiz og anna underhaldning. Stemninga var stor og arrangementet denne dagen har gitt grobotn for satsing neste år.

5 kommentarer:

Lina sa...

Ja, det har eg! ;-) Så artig med sykkelløp. Likar biletet av Malin og Emil :D Med flagg og alt. Kjekt!

Anonym sa...

Ein fantastisk dag :-)

Lina sa...

Hei Torill. Det var litt godt å vera inne i dag, ja.. :-) Hehe, med to små vil eg tru det lett kan bli litt stress før ein skal ut av huset ja!

Åshild sa...

Hei Torill! Du gjorde ein formidabel innsats for sykkelgjengen og trossa feber og snørr. Det var ein strålande dag for alle oss som fekk dette med oss frå grøfekantar, ut bilvindauger og ved vannhull. På plassen til XL-bygg var det 17.mai stemning heile dagen.
Kjempefin blogg Torill!

Ramme Alvor sa...

Staut ungdom! :)