lørdag 7. mai 2011

Lyst på svele?

Endeleg kan eg stryke steiketakke frå ønskjelista mi, den har stått på lista nokre år. Pappa og gjengen ga meg steiketakke til 30 års dagen, og gjett om eg vart glad?!
Svele er ikkje lenger så enkelt å få tak i for min del. Det vert som regel på ferjene på veg heim til Sunnmøre. Så no er det kjekt at eg kan lage mine eigne akkurat når det passar.
Svele er best med sukker og smør synest eg, men brunost er også vanleg. Om du ikkje har takke kan du lage det på steikepanna og oppskrift på sveler finn du på nettet. God helg!

2 kommentarer:

Mariann sa...

Det så veldig fristende ut. Gratulerer med ny flott takke. Det må være verdens søteste muldvarp du viser i forrige innlegg.

Lina sa...

Nam nam! Eg vil komma på svelebesøk ein dag ;-) Takke er genialt, eg må ønska meg og. Så kan eg laga lappar, det er vel vestlandsutgåva av sveler, trur eg. Og FOR ein skjønn moldvarp under. Søte, fine Emilgutten <3 PS: Svarte deg i mitt innlegg i stad og ;-)