mandag 26. oktober 2009

Malin har fått ny seng

Det å verte storesøster medfører blant anna i at ein må få seg ny seng då minstemann skal overta den gamle. Malin er no 2 år og 2 mnd og hennar tid i grindseng er idag over. Ho er svært uroleg i senga så vi er spent på kva som vil skje, men ein sengehest og puter på golvet skal iallefall hindra den store ulykka.
Malin er veldig opptatt av å "æppe mamma" eller hjelpe mamma som vi også seier. Ho fekk delta i monteringa av senga og ho var veldig klar for å flytte "butta, mjau og affe". Både puta, pusen og hunden fekk altså plass og ho var kjempekry over den nye senga.
Eg monterte sengehimmel til ho som ho synest var gøy å gøyme seg inni. Det er lenge sidan eg har sett ho så stolt og glad som idag, dette var verkeleg stas for ho. Så ventar berre natta og eventuelle nattevandringar....

3 kommentarer:

Trude sa...

Det var ei stolt lita tulle ja! Lignet på deg på det første bildet :) Spørs om dere må regne med å få besøk utpå natta, men det er no bare koselig det :) Klem fra Trøndelag

Anka sa...

Kjenner jeg blir så stolt på hennes vegne. Detter er nok et stor steg for henne og hun føler seg sikkert "stor" For et øyeblikk:) Takk for koselig kommentar.

Anonym sa...

He Malin lagt i grindseng heilt til no? Hjelpes du e heldig;) Amalie ho klatra ut av senga si når ho var 1 år og 3 mnd. Det var bra skummelt å finne ho sittandes oppe på gelenderet med ein fot på kvar sida. Så da hadde me ikkje noke val å gi ho "voksen" seng.

Mvh Siv