tirsdag 14. mai 2013

Tørrmur i svingen

Då vi kom heim frå Volda vart vi møtt med steinpryd i oppkjørselen. Espen hadde brukt fleire timar på å vere ute medan vi var vekke og resultatet var ein flott mur som markerer kanten mellom tun og hage betre.
Tørrmuring er i ferd med å verte ein lidenskap for Espen. Han samlar stein titt og ofte og har eit auge for stein som kan passe når han er ute og går. Det er mange planar som svirrar i hovudet hans, både steinhus og murar, men heilt kva han tenkjer veit eg ikkje. Han får styre seg slik han vil så lenge eg får dei blomane eg drøymer om. Fint slik, at vi utfyller kvarandre. 
Sjå den stakkars gyvelen til høgre, den har dauda i frosten. Oppå muren skal det vere blomar.Først var det plen her, men no skal det vere eit kjempestort bed langs heile kanten der bilen står. Ein kan aldri få nok blomar!
Og Espen er i gang med ein ny mur. Den skiljer også tun og hage. Synest han er flink. Han sjølv er veldig pirkete og er aldri heilt nøgd. Ofte ser eg ikkje det han ser som han meiner er feil. Godt nok for meg må vel vere godt nok for alle, tenker eg :-)

mandag 13. mai 2013

31 bileter frå ein fin tur til Volda ilag med borna

Dette vert eit langt innlegg. 31 bileter av ørten fleire. Det er så vanskeleg å velgje kva ein skal publisere. Eg og borna har reist med fly til Volda, min heimstad om nokon lurer, og vi har vore der i 9 dagar inkludert reisedagane. Ungane sitt aldri stille og vil heile tida finne på noko, derfor har vi også gjort mykje. Om du har lyst å sjå litt av det vi har funne på kan du lese deg nedover innlegget her. 
Vi reiste forrige laurdag til Volda. Søndagen tok vi turen til hytta/fritidsbustaden til pappa og ei tante av meg. Eller huset til farmor som eg seier. Austefjorden er ein liten, fin stad i Volda kommune. Her har eg vore mykje i min barndom. Då eg vaks opp var det ikkje barnehageplass til alle og eg var ein av dei. To dagar i veka budde eg med tanta mi og seinare var mykje hjå farmor. Eg har nok ikkje tatt noko skade av det, det var mange born i same situasjon så keisamt var det ikkje! Bilete over er frå jakta på paddeegg. Denne vogna har Jonas bygd sjølv og Emil var vel glad han slapp å gå.
Vi jaktar på egg mellom busk og kratt.
Paddeegg.
Morfar og Emil.
Fine hestehovar i vegkanten.
Leiking i Austefjord barnehage.
Vakre snøklokker måtte plukkast sjølv om det ikkje var på eigen eigedom.
Elva er spennande.
Blått til lyst. Vakker vårblome som eg ikkje veit navnet på.
 Snøklokker i hagen overalt. Klart ein må plukke!
Huset har elv på begge sider. Og ungar og vatn høyrer ihop. Her fann ungane gull og edelsteinar. Eller glasskår som vi voksne  vil seie.
Anna og besta. Anna har vore ekstrem mammadalt på turen. Og det vart tungt å bere ho overalt sjølv om ho veg lite. No er ho 10 mnd og eg ventar framleis på at ho skal sitte skikkeleg og åle seg framover.
Malin og Emil prøver mormor sine gamle briller. Malin er den fødte brillemodell.
Vi har rydda loft og mange minner er funne. Brudekjolen til mormor frå 1979 måtte prøvast. "Eg ser ut som ein engel!" Verken eg eller mormor har nokon sjanse til å få på oss denne. Trur ikkje dei åt snop på 70-talet...
Trampoline er gøy! Malin er raskt ute med å hoppe på dei trampolinene ho kjem over. Det står høgt på ønskjelista. Her ilag med Olve.
Volda i sol.
Med litt niste og drikke kan turen verte kjekk.
Eg får stadig etterlysing av bilete av meg. Eg likar ikkje meg sjølv framfor kamera, men må vel innsjå at det kan ha sine fordeler når eg ein gong forsvinn frå jorda si overflate. Ungane har ei mor og det er visst meg.
Fint bilete av onkel André og Malin.
5 barnehagar vart besøkt gjennom veka. Her i Oppigard barnehage. Drikke og appelsin fekk vere følgjesven på turane.
Det er så kjekt når eg ser dyr på dei gamle beita. Då eg var lita gjekk det hestar her og no har dei kome tilbake. Store dyr som kan vere litt skumle for desse små, men det gjekk fint denne gongen og.
Utforsking av Rotset barnehage.
Medan søskena leikar sitt Anna og ser på. Ho sitt heilt stille og seier ingenting.
Det er kjekt når fleire kan leike ilag. Vetle, Olve og Malin på dissa. Her i Bratteberg barnehage.
Ungane er tidleg oppe så klokka halv ti om morgonen var det tid for å kome seg ut. Badestranda i Volda, Årneset, fekk besøk av to morgonfuglar igår. Det var nydeleg vèr. Sand og vatn er kjekt, og området er kjempefint å leike seg på. Litt rydding av boss fekk vi også gjort. Russen har vel ikkje tid til å rydde opp etter seg. Dei sitt sikkert å les eksamen medan vi var der (haha).
 Mormor synest det er kjekt med borneborn. Då har ho alibi for å leike...
 Volda i sol (igjen).
Bygdetunet i Volda, Haualeite, er ein ideell stad å ta med aktive born. Her er mange hus og tun vi kan springe imellom, leike gøyme og leite, og det er mange historier ein kan lage på slike stadar. Her er borna i gang med show med mormor som publikum.
 Mormor tek bilete. Kven tek du bilete av her?
 Emil murar slik som pappa.
Ungane har fått dilla på skilt og praten går i eitt når vi er ute og køyrer bil. Emil synest det er ekstra spennande med brannslangeskilt.

Dette var litt av det vi gjorde. På grunn av streik fekk vi to dagar ekstra som vi nytta godt. Blant anna fekk ungane bade i basseng, eit høgdepunkt! No er vi tilbake til pappa og barnehagen. Nokon seier borte bra, men heime best. Eg har to heimar som er best!

lørdag 4. mai 2013

Skrømt og uhygge

Eg manglar litt idear på overskrifter, eg skal innrømme det, men det er ganske skremmande det som skjer utanfor stovedøra akkurat no. Eller rettare sagt, det skjer nesten ingenting. Våren er sein og vinteren som skulle vere her i januar/februar kom i april/mai. Og kva kan ein gjere? Klage si naud på facebook og på bloggen, samt vente. 
Bilete er tatt igår. Då måtte eg halde borna heime frå barnehagen fordi eg ikkje kunne køyre på sommardekk. Vi bur i eit mildt klima og korleis det såg ut hjå oss ifjor på same tid kan du sjå her. Stor forskjell. I år har ikkje ein einaste blome stukke nasa opp, berre ei stakkars snøklokke som fraus ihjel av heile greia.
Dette er bedet utanfor huset no. Ikkje mykje å skryte av. Eg gadd ikkje gå ut i hagen for å ta skikkelege bileter ein gong. Eg lurer på om mykje av laukplantene har dauda. Eg kjente ein stein i magen då eg skreiv det, får håpe det meste har overlevd.

Det som eg kan seie av kjekke nyheiter er at eg og borna tok turen med fly til Volda idag. No skal vi kose oss i kalde omgjevnadar i ei veke. Isen har akkurat brote opp på vatnet og fjella er framleis kledde med snø. Det stoppar ikkje oss frå å kose oss. God helg!

mandag 29. april 2013

Sjølvportrett

Synest dette bilete illustrerer kvardagen vår ganske godt. Ting er på halv åtte heile tida. Litt ufokusert, lite ute av kontroll og absolutt ikkje innanfor klare rammer. 
Skitne born er vel også meir vanleg enn uvanleg. Anna ser ut som ho har vannhovud, men det har ho altså ikkje :-)

Det er utruleg lite å fortelje om for tida. Eg har stor skrivekløe og eg ser snart fram til at noko nytt skjer. Eg gidd ikkje fortelje om snø i lufta, forhatte sentralstøvsugarar eller frustrasjonar over å aldri kome i mål med det ein hadde tenkt. No gjorde eg det visst litt likevel, men det får verte med det. Eg håpar at mai vil bringe våren inn på ny og gi oss mykje sol og glede. Fuglane er iallefall tilbake og dei er nok like klar for varme dagar som meg.

lørdag 20. april 2013

To små tenner

Desse små er så herlege når dei har fått tenner. To melkekvite flekkar i nedre tanngard har sett dagens ljos. Tannkosten er tatt i bruk og det ser ut til at Anna likar å pusse tennene. Iallefall ler ho kvar gong børsta er i munnen. 
1.april var den magiske datoen for då eg kjente at to tenner kom opp på ein gong. Slike detaljar nevner eg i bloggen slik at eg ikkje skal gløyme det, sjølv om det knapt interesserer nokon ;-)
Skrytebilete. Så blid!
Vesleprinsessa vår veks, men ho gjer det ikkje så fort så eg synest tida går akkurat passe fort. Emil og Malin er så glad i ho og det med rette. Nydeleg skjønn, roleg anlagt og kavar seg ikkje opp med noko.

tirsdag 16. april 2013

Den fyrste blomen

For ei tid vi er i, det er så fantastisk med alt nytt liv som kjem. "Jeg velger meg april" sa Bjørnstjerne Bjørnson, og det er kanskje ikkje så rart. 
Eg var alt for tidleg ute med å så sommarblomar, iallefall nokon av dei, men det medfører tidleg bløming og det er kjekt når alt anna ventar på seg. Denne vakre blomen heiter Blåklint og eg ønskjer den velkommen.
Av dei nye frøa som er sådd har åtte av ti byrja å spire. Og det kjekkaste er kanskje desse som eg har tatt frø frå hagen av sjølv. Solsikke og ridderspore.
Det veks! Kjøkkenbenken er snart for liten. Eg må dele opp fleire av desse då nokon deler same krukke. I tillegg er glaskarmane i stova fått funksjon som drivhus. Det er sjølvsagt mykje arbeid med å så stauder sjølv. Eg må halde jorda fuktig heile tida, eg må prikle og kose med dei i fleire månader før eg kan plante dei ut. Men fordelen er at eg får mange planter som ingen andre har og som nesten ikkje har kosta meg noko i pengar.

mandag 15. april 2013

Her er eg

Eg er på veg ut av dvalen. Regnet og den milde vinden er komen. April har vore meir stille enn vanleg. Ikkje noko hagearbeid og eigentleg ikkje så mykje anna heller. Eg er så klar for våren at eg har latt ulltråd og strikkepinnar ligge i korga. Det er ikkje heile grunnen sjølvsagt, eg er så trøytt på kvelden etter ein lang dag og kort natt at det er lite energi igjen til å gjere noko.
Dette er vel det som er mest vanleg i dei norske småbornsfamiliar, eg tenker at eg får nok tid til å strikke og sy når ungane vil vere ilag med vener istaden for foreldra og dei vil sove lenge om morgonen i helgane. Men eg saknar tid til meg sjølv meir og meir, derfor vert det godt med vår og terapi i hagen.
Anna er no 9 månader. Det er så vidt komen to tenner, men dei er ikkje synlege enno. Ho sitt framleis ikkje og ho er ei mammadalt av dei sjeldne. Men ho er så god og fin jente at det veg opp. Vesle solstrålen vår har og fått barnehageplass. Det er 3,5 mnd igjen av permisjonen og det er heilt greit.

fredag 5. april 2013

Meir frøsåing og staudene veks i glaskarmen

Det har gått nokre månader sidan eg sådde dei første frøa. Ikkje alt har klart å spire, men resultatet er langt betre enn ifjor. No er dagane lyse og fine og det er tid for å så sommarblomar. Nokre stauder har eg sådd og, klarar ikkje heilt å gi meg. 
Her er noko av samlinga. Eg har prikla enkelte sortar. Eit innlegg frå 3.januar viser kva eg hadde av frø og kva eg hadde bestilt. Det som er på bilete her er Fagertrav, Temynte, Kunth's nattlys, Rosa myskmalva, Sommaraster, Haustvedd, Kinesisk ridderspore, Blåklint, Cikoria, Kinesisk klokkviva og Romersk ridderspore. Eg kan berre dei svenske navna, men det tidlegare innlegget viser alle riktige detaljar.
To nysådde planter samt stiklingar av pelargonia. Eg lagar alltid nye pelargoniar i mars då dei gamle ikkje er fine lenger. Eg har sådd solsikke og ridderspore med frø frå hagen. Gøy å sjå om det kjem opp noko.
Desse klarte eg ikkje å få til og eg har no gitt opp. Felles for dei alle er at det står på frøpakken at dersom det ikkje spirer etter ein månad, ha dei i kjøleskap. Det gjorde eg og det skjedde ingenting. No har eg  gitt opp og eg har lært at slike frø kjøper eg ikkje igjen. Med mindre nokon har ei god løysing på kva eg skal gjere. Plantene heiter Moses brennande buske, Stjerneflocka, Majviva, Ekte stormhatt og Nordamerikansk ridderspore. I tillegg er det Spinnelin som eg trur rett og slett var for gamle frø.

Dei andre frøa eg har sådd idag er Petunia Orchid Mist (trur eg er seint ute), Murreva, Luktert, Romersk ridderspore, Løvemunn, Rosen facelia, Sommaraster (ein annan sort enn den andre) og Sommarflox. Så får vi sjå kor stor del av dette som spirer. Å så frø er veldig kjekt, men eg har litt lite plass. Eg håpar frosten snart slepp taket og vi kan byrje hagesesongen på alvor.