For ei tid vi er i, det er så fantastisk med alt nytt liv som kjem. "Jeg velger meg april" sa Bjørnstjerne Bjørnson, og det er kanskje ikkje så rart.
Eg var alt for tidleg ute med å så sommarblomar, iallefall nokon av dei, men det medfører tidleg bløming og det er kjekt når alt anna ventar på seg. Denne vakre blomen heiter Blåklint og eg ønskjer den velkommen.Av dei nye frøa som er sådd har åtte av ti byrja å spire. Og det kjekkaste er kanskje desse som eg har tatt frø frå hagen av sjølv. Solsikke og ridderspore.
Det veks! Kjøkkenbenken er snart for liten. Eg må dele opp fleire av desse då nokon deler same krukke. I tillegg er glaskarmane i stova fått funksjon som drivhus. Det er sjølvsagt mykje arbeid med å så stauder sjølv. Eg må halde jorda fuktig heile tida, eg må prikle og kose med dei i fleire månader før eg kan plante dei ut. Men fordelen er at eg får mange planter som ingen andre har og som nesten ikkje har kosta meg noko i pengar.
3 kommentarer:
Wow! :) så friskt og frodig! :) det spirar her óg :)
ps, du har ordbekrefelse på
Så flink du er! Vi tenker hage og grønt - har ikke kommet lenger enn det...
Jøss kor frodig det er hjå deg. Det blir litt av ei flott blomstring hjå deg i sommar.
Legg inn en kommentar