torsdag 30. august 2012

Heimesydd bæresele

Det har tatt si tid før dette innlegget. I byrjinga av juni hadde eg og Rigmor vår årlege samankomst og denne gongen hadde vi saum som tema. Rigmor sydde både det eine og det andre medan eg sydde bæresele/mei tai og byrja på nokre toalettmapper (manglar framleis glidelås). Då ungen kom til verda viste det seg at denne selen var alt for stor til meg, men kanskje eg veks nokre cm og legg på meg nokre kilo, då passar den nok skal dokke sjå...
Eg har sydd mei taien av tynn cordfløyel frå Stoff og Stil. Det prikka stoffet er bomull frå same plass. Som fôr har eg nytta eit fleecepledd frå Jysk. Det vart mange, lange saumar, desse selane er enormt lange. Oppskrifta fann eg her og er lettfatta og det går fort å sy ein slik om du ikkje vert forstyrra av ungar heile tida.
Eg vart nøgd med resultatet og eg kan kanskje nytte denne når Anna er større, men akkurat no låner eg ein annan sele som er mindre og stivare. Kjekt det og.
Eg har forsøkt lenge og fått til eit bilete av meg med selen og Anna oppi, men ho søv kvar gong eg kjem på det. Ikkje har eg nokon fotograf på dagtid heller og når Espen kjem heim er det så mykje som skjer elles. Eg forsøkte å få liv i henne i stad, eg kunne tross alt finne fram fotostativet.
Eg fekk dette blikket. "Ikkje forstyrr meg og gi meg smokken tilbake". Så eg ga ho smokken tilbake, måtte no berre lyde, og Anna er tilbake i søvnen. Trur verken ho anar kva ein mei tai er eller har forståing for at mor må blogge.

Ha ein fin dag alle saman.

søndag 26. august 2012

Feiring av 5 års dag

Vår store, fine førskulejente fylte 5 år igår. Dagen hadde ho gleda sej til lenge og forventningane var store. Ho hadde kjøpt inn invitasjonskort til gebursdagsselskapet for lenge sidan og igår kom det seks jenter for å feire henne.
Dagen byrja med frokost og presangar. Vi hadde rundtstykker, egg og kakao.
 Malin var veldig nøgd med presangane og spesielt jentedill er kjekt å få.
 Til selskapet hadde eg laga Lilla Gubben-muffins...
.. og Pippi-kake. Det er kvit sjokoladeglasur og marsipan som eg har farga. Kaka falt i smak og det er det viktigaste. I tillegg serverte eg gele.

Det skal seiast at dagen snudde retning då selskapet byrja. Malin vart sjuk og hadde vondt store deler av dagen. No er no det slik at 5 åringar ikkje har utvikla empati enno så alle jentene som var i selskap styrte med sitt og koste sej medan Malin låg på sofaen og græt. Det var synd for ho, men vi får feire litt idag og. Meir kake i kjøleskapet... :-)

mandag 20. august 2012

Prinsesse "Vil Ikkje" har fått seg ny strikkejakke

Dette strikkeprosjektet har tatt lang tid. Eg har ikkje strikka kvar dag, heller ikkje kvar månad, og den største grunnen til det var at eg stadig vart tom for garn. Og no har eg 1,5 nøste til overs. Typisk. Uansett, jakka er ferdig og hurra for det. Malin kan ta den i bruk så fort det vert kaldare for den passar ganske bra no. 
 Malin må sjølvsagt vere modell og det byrja så bra.
Det varte ikkje lenge, ho nekta å posere, kan du tenke deg? For eit barn...
Å så søt du.... For å overdøve dette sjarmerande fjeset kan eg seie at eg har strikka jakka i mellomrosa. Garnet heiter Drops Nepal og er 65% ull og 35% alpakka. Superdeilig!
Eg satte modellen framfor barne-tv, men då eg ba ho om å sjå i kamera fekk eg dette blikket. Det var vel berre til å gje opp. Bilete og oppskrift frå Drops finn du her

lørdag 18. august 2012

Eit blikk i hagen før den regnar vekk

Litt sommarstemning på bloggen medan vi ventar på regnet som allereie har vist seg i natt. Det er ikkje så mykje og seie, må berre ha nokre bileter for å huske kor fint det var.
Lavendel, myskmalva, haustfloks og flekktvetann i blomst i tillegg til vierhortensian som står kvit og fager bak bedet.
 Bella Rosa. Den har stått lenge no, alltid glad for slike planter.
Ungane sine solsikker frå barnehagen. Den ultimate sommarblomen som minner om det vi likar best; sola.

fredag 17. august 2012

Rask og enkel bringebæris

Denne isen vil eg dele med alle! Fantastisk god rett og slett. Det er mykje bringebær i omløp no og då må ein lage noko av denne gode og gratis bæra. Sidan vi verken et sylte eller drikk saft her i huset så har eg frose dei fleste bæra i 200 gram-porsjonar slik at eg kan bruke det i smoothiar. Nokre av bæra fekk likevel æra av å blande seg med fløte og sukker.
Oppskrifta har eg funner her. Eg har bytta ut ripsa med bringebær, men elles er den akkurat lik. Eg var litt sein med å røre inn bringebærsirupen i isen, men eg tenker at ein kan likegodt ha i sirupen med ein gong. Dette får ein gjere som ein likar best.

No har eg laga mykje feitt og sukkerhaldig i det siste. Det er vel på tide å stoppe opp og plukke fram nøttene og grovmjølet igjen etter ein usunn, men koseleg sommar. Om du har tenkt å gjere det same så må du gjerne gjere det, men prøv å lag denne isen først som eit siste punktum.

torsdag 16. august 2012

Høgkarbo og kaloririke Dots-muffins

Slankar du deg eller unngår det eine og det andre fordi du skal passe formene? Ja då har du kome til feil stad. Desse muffinsane er full i kaloriar og karbohydratar, feitt og sukker, men er virkeleg verdt å smake på. Bak, smak og nyt!

Ingrediensliste til 20 muffinsar (ca):

115 gram smør
3 eggekviter, romtemperert
2,5 dl mjølk
250 gram mjøl
1 ts bakepulver
2 ts vaniljeekstrakt
1/2 ts salt
190 gram sukker

2 pakkar Dots, mørkebrune

200 gram kremost naturell
320 gram melis
100 gram smør, romtemperert

Del kjeksen og legg eine sida med krem opp i muffinsformer. Det er mi sterkaste anbefaling å ha muffinsbrett for å stabilisere muffinsane.
Pisk smøret til ein luftig krem. Tilsett mjølk og vaniljeekstrakt. Bland mjøl, bakepulver og salt og hell i røra medan du rører vidare. Tilsett sukker, pisk eit par minutt før du hell i eggekvitene. Pisk i to minutt til. Den delen av kjeksen som ikkje er i muffinsforma (omlag 12) knuste eg med mortar og rørte i muffinsrøra tilslutt. Steik på 180 grader i 20-25 minutt.
Toppingen er laga av kremost, melis og smør som er rørt saman med miksar. Så tilsette eg knuste kjeks i tilslutt. Det er heilt valgfritt kor mykje ein vil ha oppi. Eg hadde åtte halve kjeks oppi sidan den andre halvdelen var brukt til å ha i muffinsformene.

Muffinsane kan frysast, men dei vert nok ikkje der så lenge for desse er alt for gode til å vente på. Ungane elska dei og. På bilete over er det for mykje topping etter min smak, men det vel du heilt sjølv.

Og etterpå kan du gå deg ein tur ;-)

søndag 12. august 2012

1000 opne hagar 2012

I år var det ein hage på Osterøy som hadde hagen sin open på den årlege "1000 opne hagar". Hagen var 40 år gamal, men det er først dei ti siste åra at hagearbeidet har gitt det resultatet som vi såg idag. Vi stilte opp alle mann og det gjekk faktisk fint.
Det første som møtte oss var ei leikehytte som huseigar hadde laga sjølv. Den var fint innreda med køyeseng, bord og stolar. Koppar og fat, duk og blomar, ja til og med lys var det inni. Emil og Malin falt pladask og Emil var der stort sett heile tida. Opp og igjen med dørene, opp og ned stigen inne. Og sann gjekk no tida for han.
I hagen var det fleire bygningar, blant anna denne gjestehytta. Hagen var innramma av skyggeplanter stort sett og i midten var det ein stor plen med frukttre. Hosta, astilbe, iris, marikåpe gjekk igjen i tillegg til frukt, bær og vintergrøne planter. Ein solvendt vegg hadde masse stokkroser og klematis. Nydeleg.
Denne hagestova var utruleg flott med sofagruppe, store glas med utsikt mot sjøen og peis som var tent opp for høvet. I tillegg hadde hagen ein masse sitjeplassar overalt. Vertskapet var veldig hyggelege og gjestfrie, dette konseptet vonar eg mange fleire hoppar på til neste år.

lørdag 11. august 2012

Blomebed i august. Noko har skjedd sidan mai

Enkelte dagar kjennes det ut som ingenting skjer, iallefall går det alt for sakte framover. Då er det fint å ha før og etter-bileter som kan vise det motsatte. Er ein utolmodig og ein er ein "vil alt mogleg"-person slik som eg og Espen er, ja så kan det vere nyttig og sette seg ned for eit tilbakeblikk.
Bilete over viser slik det er idag. Mykje av blomstringa er over og det er berre rosene og sommarblomane som blømer akkurat no. Staudene har vokse seg store og bedet er meir eller mindre fullt.
Dette bilete er tatt i slutten av april. Kantsteinen var ikkje der og berre påskeliljene og perleblomane blømer. Idag er desse laukane tatt opp av jorda, men dei skal snart settast ned i att. Staudene er så vidt over jorda på denne tida.
Dette bedet er nytt av året. Det er framleis mykje som manglar og mykje av grunnen til det er den dårlege avlinga av sjølvsådde stauder. Eg skal prøve att i vinter, men fleire av staudene kan eg så direkte i jorda i haust. I september skal eg dele nokre av staudene då eg likar at same sorten viser seg fleire stadar i bedet.
Dette er frå mai. Alt er pittelite.
Bedet sett frå ein annan vinkel. Asters, haustfloks og ikkje minst myskmalvaen har vokse seg store.
Myskmalvaen trudde eg ikkje skulle verte noko av. Pittesmå stiklingar som overlevde så vidt stormen i byrjinga av mai. Eg har sett eit spørsmålsteikn på ei av plantene. Den har bloma heile sommar. Det er ein flekktvetann. Detaljar på kva som er i dette bedet står i eit innlegg frå mai.
Så må eg vise dokke ei ny rose som eg kjøpte idag. Den står ilag med dei andre rosa rosene. Vi var på gartneriet og skulle ha ein sekk med gjødsel. Vi kom heim med mykje meir som vanleg, og denne rosa valgte eg fordi den lukta godt, var rosa og den tåler regn. Claire renaissance heiter den.
 Er den ikkje flott? Litt laksefarga, har masse tette kronblad og ikkje minst: Den tåler regn!
Det siste bilete er myskmalvaen. Eg har mislykkast med dei fleste staudene eg har sådd, men det gløymer eg fort når eg har fått så fine blomar som dette. Det er vel derfor ein ikkje gir opp og prøvar igjen året etter.