tirsdag 1. juli 2014

Melshornet ein fredagskveld

Eg trur eg må omformulere kva slags blogg dette er. Dette byrjar å minne meg meir om ein fjellblogg enn mykje anna. Men eg skriv om det som opptar meg og for tida har eg dilla på fjellturar. I helga var vi i Volda, min vene heimstad, i høve bryllaup. Fredagskveld fekk eg og Espen tid til å gå på Melshornet. Det er fjellet som binder Søre Sunnmøre saman, eller Ørsta og Volda om du vil. Ganske mange av innbyggjarane vil ikkje vedkjenne seg fellesskapet, men heller knive på kvar sin lest sjølv om alt til slutt vert slått saman likevel. Så fekk dokke den kjære ørstingar og voldingar. Og hovdebygdingar då, for dei skal visst berre vere for seg sjølv....
Dette var ikkje meint som noko politisk innlegg, men eg berre MÅTTE seie det, hihi. For å kome tilbake til turen så gjekk vi ifrå mamma sitt hus, opp vegen til Dinglavatnet og vidare til toppen. Vi brukte 1.5 time ein veg. Opp på toppen blas det godt og vi forta oss å ta bilete før vi gjekk ned att. Det var eit utruleg fint ljos som lyste over Ørsta då vi kom opp. Det er så storslått å kunne sjå bygda slik som dette.
Eg er heilt stum av og til når eg ser kor vakre fjella på Sunnmøre er. Det gjer meg så stolt og glad og det rører seg godt i sunnmørshjarte mitt av slike opplevingar.
Vèret var skiftande og på enkelte kantar kunne vi skimte regn.
Kveldsljoset var sterkt så bileta vart så mørke, men kor fint det likevel er! Sukk, den som kunne ta med seg naturen heim til Osterøy i kofferten.
Bilete av Melshornet sett nedanfrå. Fjellet er 807 m.o.h og ein kan gå opp fleire stadar. Ein flott måte å bruke fredagskvelden på.

søndag 22. juni 2014

Tur til Tirevoll

Det lavaste fjellet på lista mi er tatt idag. Tirevoll er 303 meter over havet og er eit lett, lite fjell å gå opp. Turen gjekk ifrå Hjellvik bedehus (litt forbi badeplassen) og ein tydeleg sti førte oss på toppen på 45 minutt. Nydeleg utsikt og ein fin rasteplass med fleire benkar å sitje på. Turen passar for alle.
Utsikt mot Lindås og Øygarden langt der bak.
Retning Gulen, Mongstad og Austrheim.
Fjellskålnes og Hosanger til høgre  og retning mot Fedje i nordvest.  Eg tek atterhald om feil vedrørande retningssans...

tirsdag 10. juni 2014

Kveldsstemning i hagen

Bileta er tatt for tre dagar sidan. Eit nydeleg kveldslys skein over hagen medan fuglane kvitra og alt var berre idyll. Eg får kjensla av å vere forelska stadig vekk når eg er i hagen. 
Det veks og veks. Villege planter som må haldast kontroll på. Myskmalva og høstasters er to planter som sprer seg lett. Elles veks det haustflox, storknebb, graslauk, klatreroser og litt smått som ikkje er like dominerande.
Same bedet sett  frå andre sida.
Bedet lengst mot  aust er eit bed med sjølvsådde stauder. Litt av alt mogleg og eg har ikkje vorte kjent med dei enno. Ikkje alle har bløma før så det er litt skattejakt dette. Forglemmegei og akeleie prøvar stadig å konkurrere ut andre planter, men eg har oppsyn. Bedet er under utvikling og kantsteinar er under planlegging. Vi må berre plukke dei først. Bakerst skal Espen hakke opp plenen. For planen er som den var for tre år sidan. Plenen skal formast som ein ring med kantsteinar og bed utanfor ringen. Den lilla teltplassen om nokon huskar.
På andre sida av terrassen er det velkjente ommøbleringsbedet. Det er lite som skal flyttast på heretter, einaste roseklokkebuska heilt til høgre. Staudene kosar seg, rosene blømer og det rosa prinsessebedet byrjar å verte etablert. I år kjem den første peonen og, hipp hurra! Kosmos og margeritter i krukkene.
Litt meir av rosene. Denne kroken elskar eg.  Det er varmt, frodig og akkurat slik som eg vil ha det. Staudene er slanke og høge, rosene veks villeg og fargane går i rosatonar. Utanom dei blå akeleiene då som finn seg plass i heile hagen.

mandag 9. juni 2014

Avslutning av pinsa på Iseggane

Etter ei flott pinse avslutta eg helga med ein fjelltur til Iseggane. For dei som ikkje veit det så samlar eg på fjelltoppar. Ikkje store og allmektige, men Osterøy sine toppar over 300 meter. Det er 26 av dei trur eg. Og ikveld har eg gått på min sjette så eg har mange att.
Ilag med Åshild køyrde vi til Skår og parkerte bilen ved ein skogsveg som ligg heilt på toppen av bilvegen. Vi fylgde skogsvegen og deretter gjekk vi på ein til tider litt svak sti. Vi passerte ei falleferdig steinbygning og etterkvart byrja stigninga inni skogen. Ved eit skille kor stien deler seg tek ein til høgre og møter rett etterpå nok ei falleferdig steinbygning av eit slag. Sikkert stølshus. Det er enkelt å finne fram og etterkvart kjem du til huset du ser over. Når stien deler seg på toppen av bak dette huset, tek du til høgre igjen og går stien til du kjem til postkassa med boka du kan skrive deg inn i.
 Utsikt mot Sørfjorden med Valestrand til høgre og Breistein til venstre. Midt imot ser du Garnes.
Utsikta mot Nordhordaland er alltid like vakker. Skjærgård, havet og kveldssol.
Hjellvik, Hosanger og Lindås kommune på andre sida av fjorden.
Beviset som eg motvillig publiserer, men det er ei sjølvpåtvungen plikt. Når eg er 70 så synest eg nok at eg ser råflott ut, haha!

Ein fin tur som tok 45 minutt ein veg. Toppen er 374 m.o.h. Den passar til born, men ikkje dei aller minste då det er litt bratt og lause steinar enkelte stadar. Det er ein del myr og våte parti så vanntette sko er nok ein fordel.

fredag 30. mai 2014

Hagen idag

I vinter sådde eg ingenting og ikkje har eg sådd noko direkte i jorda heller. Det er utruleg hektisk å halde styr på Anna som snart er to år samt alt anna som må gjerast, så eg har ikkje prioritert hage i det heile i år. No når sesongen har starta ute så får eg halde vedlike det eg har og byrje å ommøblere (igjen) når eg ser korleis sommaren har vore.
Dette bedet har inga avslutning. Det skal vi gjere noko med. Eg har ein idé om trapp ned til flaggstanga som er til venstre for bilete. Skråningane bakover er så bratte at det er lite ein kan gjere utan å bygge opp mur. DET har vi ikkje tid til med det første. Topplauken til høgre i bilete er ny av året, ein avleggar frå Åshild. Elles så hadde eg sommarblomar der som det berre er jord no ifjor så eg må finne på noko lurt iløpet av kort tid for at det ikkje skal sjå så nakent ut. Litt urter og stauder i dette bedet slik det er no. Sjølvsagt skal det ommøblerast med tid og stunder. Ingenting får stå i ro hjå meg.
Kanskje ikkje heilt sant at alt skal flyttast på. Roser og peoner skal få stå i fred. I år er det ei vanvittig fart på plantene og vi skriv ikkje sommarmånader før om to dagar. Noko er allereie avblomstra som roseklokkebuska til høgre.
Akeleiene eg sådde sjølv ifjor med frø frå Impecta. I år kom blomane og du verden så kjekt å få det til! Elles i dette bedet  er det mykje som veks seg til. Det meste er frø eg sådde ifjor.
Akkurat no blømer graslauken. Akeleiene  til venstre har spredd seg for alle vindar og det er blåe flekkar mange stadar. Eg likar det! Akeleien til høgre er den som eg viste på bilete nr 3. Så utruleg vakkert! Eg vil berre ha fleire sortar, eg kan ikkje få nok.
Min første peonknopp etter tre-fire år! Hurra! Forglemmegei, Nellikrot og Smågullkorg.
Problemplantene akkurat no. Begge løytnantshjertene ser tufsne ut. Dei blømer lite og kort. Dei får både gjødsel, lys og vatn så eg veit ikkje kva som har gått av dei. Håper det tek seg opp att neste år. Dei skuffar vanlegvis ikkje. Kamellia har ikkje bloma sidan eg fekk han for tre år sidan. Den har vorte større, men i år har den fått seg ein knekk med mange brune blad. Eg måtte klippe den godt ned og no ser det ut til at det kjem to knoppar som muligens har vorte visne før dei har sprunge ut. Anar ikkje kva eg gjer gale, frustrerande er det iallefall for den er så fin når den blømer. Siste buska er roseklokkebuska. Den rakk knapt å bløme før den visna igjen. Den er gjødsla og vatna, og får rikeleg med sol. Får dei for mykje sol desse plantene skal tru? Kom gjerne med tips for eg er rådvill.

torsdag 29. mai 2014

Open dag i Klyvikje

Ein dag i året er det opent hus på denne garden som ligg innerst i Bruvik på Osterøy. Det er ein småbornsfamilie som bur her og som fann ut for nokon år sidan at dei skulle ha opent for publikum. Idag tok vi turen for første gong. Vèret var fantastisk og det var mykje folk som kom.
Garden ligg idyllisk til med alt som Vestlandet kan by på.
Vi var ikkje komt til huset ein gong før ungane ville ri. To hestar, ein shetlandsponni og ein fjording, transporterte ungar fram og tilbake i fire timar. Snakk om tolmodige hestar. Malin hadde aldri ridd før så det var veldig spennande å få prøve.
Garden har strandline med badevik og båtkai. Det var kaldt i vatnet, men fleire var uti og bada. Det var volleyballnett tilgjengeleg nede ved strandkanten og grill.
Ved båtkaia var det mogleg å få låne kanoar.
Garden har fleire gamle hus der eitt av dei var ei smie. Det var mykje mannfolk som var interesserte i dette. Rart med det kor ulike damer og menn kan vere til tider.
Bærbusker høyrer med i ein gardshage. Alt var berre så idyllisk denne dagen. Det var og kafé i hovedhuset og det var mogleg å sjå på ulike dyr som garden har.
Kan du tenke deg ein betre stad å bu på ein slik dag? Det er som det skulle vere eit maleri frå nasjonalromantikken si tid. På bilete kan du skimte ein lavvo heilt høgre. Her kunne vi grille det vi eventuelt hadde tatt med av grillmat.
På slutten av dagen ville ungane ri endå ein gong. Malin fekk prøve fjordingen og ho virka tryggare allereie etter andre gong på hesteryggen. Ho var svært stolt og ga uttrykk for at dette ville ho gjere meir av.
Godaste Emil som først ikkje ville ri, tok motet til seg og heiv seg på hesteryggen han og. Det gjekk sjølvsagt kjempefint.
Anna som eigentleg ikkje hadde gjort så mykje var heilt utslått då ho kom heim. Dagen ga ho nok heilt sikkert mange inntrykk.

Ein kjempefin dag og eit flott tiltak. Det vert nok gjensyn neste år dersom vèret er like bra.

tirsdag 27. mai 2014

Tur til Erstadfjellet, på ordentleg



I  dette innlegget skreiv eg om ein kveldstur til Erstadfjellet. Det viste seg i ettertid at eg ikkje hadde gått langt nok og at det likevel var ei bok å skrive seg inn i som eg først trudde ikkje fanns.  Altså så har eg ikkje vore på Erstadfjellet, iallefall ikkje på det høgaste punktet. Så det måtte eg gjere noko med.
Ikveld tok eg og Maren oss ein kveldstur i flott solskinn. Denne gongen visste eg kor vi skulle gå så det gjekk berre ein halvtime og så var vi på toppen. Vi fekk skrive oss inn i boka (noko av det viktigaste ein gjer på ein fjelltur) og ta bileter av den fine naturen vi har. Bilete over er mot Arna.
Det høgaste fjellet vi ser på bilete er Stemmeseggi. Ein tur både eg og Maren har lyst å gå.
Myrull, fjellbjørker, kveldssol og utsikt ut mot Nordhordaland og havet. Frå Erstadfjellet kan du og sjå nordover mot Osterøy og vestover heilt ut i havet. Ein enkel, nydeleg og balsamerande tur for kropp og sjel.

Strikka jakke i rundfelling

Eg kan ikkje skryte på meg at eg er effektiv når det gjeld strikking. Denne jakka har tatt si tid før den vart ferdig, men no er det gjort og den er overlevert til rette vedkommande.
Jakka er strikka i dobbelt garn av Drops Alpakka. Oppskrifta er frå Nøstebarn som du finn her. Eg har strikka jakka i str 1 år.

Eg har ikkje strikka noko særleg dette året, men det var kjekt å ta pinnane fram att og det vert kanskje fleire ferdigstrikka plagg før året er omme. Det er litt greit å gjere seg ferdig av og til og sjølv om det er fristande å byrje på noko nytt.