Det lavaste fjellet på lista mi er tatt idag. Tirevoll er 303 meter over havet og er eit lett, lite fjell å gå opp. Turen gjekk ifrå Hjellvik bedehus (litt forbi badeplassen) og ein tydeleg sti førte oss på toppen på 45 minutt. Nydeleg utsikt og ein fin rasteplass med fleire benkar å sitje på. Turen passar for alle.
Utsikt mot Lindås og Øygarden langt der bak.Retning Gulen, Mongstad og Austrheim.
Fjellskålnes og Hosanger til høgre og retning mot Fedje i nordvest. Eg tek atterhald om feil vedrørande retningssans...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar