Det har vorte nokre planter på meg i bursdagsgåve. Blant anna fekk eg to duftsjærsmin med svigermor. Duftsjærsmin er ei robust busk som passar dei fleste stadar og den har kvite blomar som luktar himmelsk! Eg har omtalt denne buska før for eit par år tilbake.
søndag 2. mai 2010
Dei første plantene er i jorda
lørdag 1. mai 2010
Bursdagsfeiring og rekkverk/trapp ved inngangspartiet
Ja så var det 1.mai igjen då og eg er eit år eldre. Eg har hatt ein fin dag med kaker, 18 gjestar av smått og stort og vèret har vore kjempeflott. Hektisk er det sjølvsagt, ja så hektisk at eg har ikkje tatt eit einaste bilete.
Espen har bygd ferdig rekkverket og trappa utanfor døra idag. Han er no ganske flink da, kjekt med ein mann som gjer nytte for seg :-)
Margerittane har eg fått i bursdagsgåve. Dei skal få seg ei krukke etterkvart. Eg fekk andre planter til bursdagen også. Meir om plantforaukelsen ein annan gong. No sitt vi igjen med masse kaker i kjøleskapet. Har som vanleg laga alt for mykje. Så er du glad i eplekake, Dronningens festkake, snickerskake, is eller suksessterte så er det berre å ta turen opp til oss. God helg vidare til alle saman.
torsdag 29. april 2010
Malerarbeid på morgenkvisten
Velkommen inn i mi nymåla bod. Før kl 09 idag hadde eg mala veggane ferdig med eit strøk Sjel. Sjel er for dei som har fulgt med ein farge vi har nytta på to soverom og vaskerommet. Taket og listene er berre grunna. Eg kjøper ikkje inn panelmaling berre for dette vesle rommet. Om eitt år skal eg male resten av taka på loftet så då tar eg dette rommet med det samme.
tirsdag 27. april 2010
Malerullen er framme og inngangspartiet er nesten ferdig
I heile ettermiddag og kveld har Espen holdt på utanfor og gjort det riktig så fint. Ein dag til har vi nok trapp også. Det vart plutseleg så enkelt å gå ut av døra og eg slapp å vagle på ein palle.
mandag 26. april 2010
Kosevennen vår
Emil har vorte fem månadar og har to oppgåver her i livet. Den eine er å rulle rundt og den andre er å gnage/sutte på alt han får tak i. Han er til å ete opp. Mjuke kinn og eit fantastisk smil.
Elles så bloggar eg lite. Vi har enno ikkje fått internett i huset av diverse årsaker som er nevnt før. Det mobile breibandet har eg tilgang til berre om kveldane. Det skjer mykje rundt oss heile tida, men bileter av jord og stein er vel ikkje så interessant. Heller ikkje husarbeid og klesvask. Eg får ikkje tid til å vere så mykje kreativ for tida, men når søvnen kjem tilbake vert det vel meir av det. Espen bygg forresten inngangsparti no. Sjølvsagt skal eg vise dokke det når han er ferdig :-)
søndag 18. april 2010
Hagen og grøfter er ferdig opparbeidd
Eg hadde tenkt å kome med litt spenstigare bileter enn desse, men det har nettopp snødd og hagen er blaut og lite tiltrekkande for støvlane mine. Derfor kjem det tre relativt keisame bileter av vår nye hage.
Torsdag og fredag fekk hagen nytt dekke. Det vart lagt jord der det er planlagt og vere plen. I skråningane kjem det planter. I tilegg har det vorte grøfta og lagt rør lenger ned i vegen slik at vatnet ikkje skyller vekk grusen.
Snøen tek visst aldri slutt, men når det ein gong skjer er det meininga at vi skal rake stein og legge eit tynt lag med jord utan stein og røtter. Deretter sår vi i plenfrø.
Eg gleder meg enormt til å få plen utanfor. No er det ikkje mogleg å gå nokon stad. Eg har ein draum om å ha ein ganske så fargerik hage, men i år konsentrerar vi oss om plenen, terrassar og maling av hus.
torsdag 15. april 2010
Hagen tek form
Idag kom entrepenøren tilbake og skal fullføre jobben. Gravemaskina var på plass og no var det tid for å grave igjen grøfter og planere. Det har til no ikkje vore mogleg å gjort noko grunna tele og enda var det snø inni steinmassene, men idag byrja hagen og ta form.
Kvifor slite seg ut med motorsag og greinsaks når ei gravemaskin gjer samme jobben på to sekund? Fantastisk. Det er masse hassel i hagen, dei er no vekke. Bjørkene har vi latt stå.
Masse jord har vorte tilkøyrt idag. Ikkje særlig fin jord. Masse store steinar og røter. Ein stor rakejobb ventar oss.
Her har han gravd igjen grøftene kor kloakk og straum ligg.
Og her er området ferdig planert. Fint ikkje sant? Eg har snart bursdag. Tenkte eg skulle ønske meg eit tre i gåve som eg kunne plante rundt styringshuset til Biovacen. Den er ikkje særleg vakker.
Planeringa fortsetter imorgon. Håpar sjølvsagt at vi kan ta til med raking i helga og at eg sitt igjen med ei god kjensle. Kjenner eg har fått nok av uflaks no.
tirsdag 13. april 2010
Sol, is og veranda
Idag var det så varmt at Malin kunne gå i gensar og utan hue, og Espen gjekk berre i t-skjorte. På verandaen vert det ganske varmt og då kjem lysta på is med ein gong. Det verkar som det er slik for dei fleste. Malin og Espen kjøpte årets første uteis og ein del av isen havna i fjeset til Malin.
Malin stilte opp villeg for fotografen når eg sa ho måtte vise at ho hadde ete is.
Ho er eit lite troll med mange rare påfunn.
Ho har ikkje gitt seg med tanken om å ake og drog med seg akebrettet nedover bakken. Så satt ho seg på akebrettet klar for å ake, men når ho ikkje kom nokon veg høyrde vi henne: "Hjeeelp!"
Seinare ville ho laga snømann. Kva er det med henne?! Er ho ikkje lei av snø? Ho kosar seg i vårvèret så eg håpar ho gløymer vinteren ganske fort.
Verandaen er nesten ferdig, berre lista oppå som manglar. Seinare kjem det terrassse nedanfor. Eg ser for meg kasser med blomar på kvar side av opninga, trur ikkje du det vert fint?
Malin fekk seg nye joggesko igår. Her viser ho dei stolt fram slik at mormor skulle få sjå :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)