Forrige helg var vi på Voss for å teste ut det som vert årets ferie. I sommar skal vi på telttur med heile familien på slep og alt det som er nødvendig å ha med for at vi skal få ein kjekk tur. Malin hadde vore ei veke i Volda og på fredagen møtte vi Malin ilag med mormor og besten på Voss.
Emil er svært glad i tog og vi hadde avtalt at eg og han skulle ta toget frå Arna til Voss medan Espen og Anna køyrde. Han hadde gleda seg enormt til dette og var mildt sagt elektrisk då toget kom på perrongen.Bilete seier meir enn ord. Han var så glad! Diverre er det ein del tunnellar på turen så Emil vart etterkvart ganske trøytt og utlada. Likevel, det var stor stas med ein togtur.
Vi campa på Voss camping og det var opphaldsvèr slik at det gjekk greitt å få opp teltet. Ved leggetid las mormor til Anna og Emil. Det er så koseleg med slike minner. Mormor og besten overnatta forøvrig på motellet til Fleischer hotell.
Teltet vårt er 3,8 x 5,8 m stort, altså 22 kvm! Ståhøgda er 2 meter og har to soverom i tillegg til stove. Snakk om luksuscamping! Vannsøyletrykket er 4000 mm og det fekk vi verkeleg erfart. På laurdag opna heile himmelen seg og det regna syndeflod og trollkjerringar heile kvelden og natta. Vi kunne ikkje snakke til kvarandre fordi regnet laga slik støy og i tillegg blas det, men teltet sto og alle var tørre. Teltet er kjøpt på Jysk og kostar 2000 kr(!).
Malin har ikkje noko kleskode når det gjeld vèr. Enten det regnar, bles, snør eller er sterk sol så har ho nesten ikkje klede på seg. Ho har ein kroppstemperatur som ikkje liknar nokon av oss andre sin, og om natta når eg frys så ligg ho å gløder som ein ovn. Malin storkoste seg på campingen og regnet hindra ikkje henne å ha det kjekt. Ho traff ei anna jente på leikeplassen og så var dei vennar.
Stilmessig så kan eg ikkje skryte på meg noko inne i teltet. Her gjeld det å ha det praktisk og ei pakkeliste skore ned til margen. Campingbordet og dei fire stolane er samanleggbare, og er kjøpt på Europris for tilsaman kr 525. Kanskje ikkje luksus, men praktisk og godt nok for oss. Vi er opptatt av at det ikkje skal koste så mykje. Det er heile vitsen med årets ferie. I staden for dyre hytter og sydenturar, reiser vi billeg og er fleksible med kor vi skal reise. Vèret styrer ferien vår i år.
Dei to soveromma har skillevegg som ein kan rulle opp. Det er mest praktisk for oss. To luftmadrasser på 200x150 cm samt kvar sin sovepose så ligg vi godt. Det er litt uvant å ligge på luftmadrasser i starten, men alt vert ein vane. Soveposane fekk vi billeg gjennom medlemstilbod på Jula. Tilsaman kosta luftmadrassene og dei fire soveposane vi kjøpte kr 794.
Elles så har vi kjøpt kjølebag som både har stikkontakt og adapter til bil, vannkokar, kost og brett, piknikkteppe til golvteppe, dørmatte og ein lampe. I tillegg har vi med vifte med varm og kald luft. Kanskje eg har gløymt noko no, men dette var det viktigaste. Omlag 800 kr for utstyret. Og alt utstyret som eg har nevnt har jo vi i fleire år og så får ein fornye seg ved behov. Kr 4100 for alt eg har nevnt, det er ikkje noko å seie på. Eg kan legge til at mamma og Ivar vart frista av campinglivet etter å ha besøkt oss. Det var faktisk ganske komfortabelt å vere i teltet trass regn og litt kjølig temperatur ute.
Til slutt vil eg seie noko om Voss camping. Den ligg flott til på Voss med berre nokre hundremeter frå handlegatene. Det er ein liten og intim campingplass med ein ok leikeplass samt to flotte grillhytter for dei som vil grille. Forutan dette så er sanitæranlegget gammalt og kunne med fordel vore reinholdt meir enn ein gong om dagen. For oss som teltar så ligg teltplassen litt for langt unna doen om natta og internettforbindelsen var svært ustabil, særskilt under VM-kampane. Kanskje ikkje så rart. Campingen ligg så sentralt til at dei er nok populære uansett standard, men eg ville med fordel forbetra eit par ting. Om eg skulle gitt campingplassen eit terningkast, så får dei tre frå meg. Prisen var det ikkje noko å seie på. Kr 220,- for telt inkl bil + 35 kr for strøm.
2 kommentarer:
Så koslig det såg ut! Virka som en kjekk ferie. Ej fikk lyst å treffe han Emil igjen når ej såg bildet frå toget, det er lenge sia sist. Kos dokke vidare :)
Det er så artig å lese på bloggen din!
Du er ein mester i å beskrive kvardagen - slik den er!
Sjå om det blir camping på oss neste år, og så skal eg slå opp i blogghuskelista di :)
Legg inn en kommentar