lørdag 1. juni 2013

Mandarin

Igår var vi på Coop Obs Bygg for å kjøpe grasklippar og parasoll. Utanfor var det salg av blomar og eg kunne sjølvsagt ikkje motstå å gå bort. Det første som møtte meg var nydelege georginer. Hadde sjølvsagt veldig lyst på, men alt som ikkje overlev vinteren ute klarar eg å gå forbi. Men etter georginane sto det nokre vakre roser. Dei berre måtte eg ha!
Det byrjar å verte nokre roser i hagen. Og fleire skal det verte! Utfordringa er å finne roser som tåler regn, det gjenstår å sjå om desse gjer. Rosene eg fann idag heiter Mandarin og er oransjerosa. Mange ulike fargenyansar som passar perfekt i det oransje/gule/raude bedet.
Til å ete opp!
Kronblada er ulike frå blom til blom, fascinerande.
Bedet byrjar å ta form, men det er plass til mange fleire.

3 kommentarer:

Lina sa...

Dette blir eit flott bed! :) Fantastiske roser, ja. Elskar fargen. Fine stauder du har valgt her, òg. Flinke Torill!

Lina sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Ragnhild sa...

Så kjekt. Trur ikkje roser kan trivast her på balkongen, men no spirar både ringblomstrane og spinaten :) Eg hjalp ei venninne å luke i hagen til huset ho leiger, og sjølv om det mulig vi tok noko vi ikkje skulle ha tatt, koste vi oss masse med å ordne i beda!