fredag 21. juni 2013

Rabarbra- og jordbærpai

Når ein har rabarbra så er det kjekt å bruke det til noko ein kjenner frå før og noko ein ikkje har laga tidlegare. Først ut var rabarbragrauten, idag laga eg pai. Å du milde skapar for ei kaloribombe! Det du ser i skåla var meir enn nok. Eg kjenner det legg seg rundt magen berre eg ser på bilete. Likevel, det smakar godt og rabarbra har ein ikkje tilgjengeleg heile året så då slo eg til. Det er fredag, det er sommar og eg fortjener det... Mange andre grunnar sjølvsagt, sett inn det som passar for deg.
Oppskrifta er tatt utgangspunkt i ei eg fann i ei kokebok, men eg har endra mål og innhald så då er den vel nesten mi...

Kutt 150 gram rabarbra i små bitar, del 400 gram jordbær i to og bland det med 1 dl sukker og 1 ts vaniljeekstrakt. Hell det i ei paiform som er smurt.

Del 200 gram kaldt smør i terningar, bland inn 1,5 dl rørsukker, 1.5 dl kokosmasse, 2 dl kveitemjøl og 1,5 dl lettkokt havregryn. Bland saman for hand slik at du får ei deig. Fordel deigen over rabarbra- og jordbærblandinga.

Steik paien på 200 grader i 40 minutt eller til toppen av paien er gylden. Server med vaniljeis.

3 kommentarer:

Husmannsplassen i Hidlesundet sa...

Åhh her var det flere oppskrifter med rabarbra! Tusen takk! Jeg plantet jordbærrabarbra i forfjor og i år er den skikkelig stor. Jeg har hørt at de må høstes før St.Hans og lurt på hva jeg skal bruke dem til. Så takk for gode tips!

Ha en fin helg!

Klem fra Hjørdis

Lykketrollet sa...

Jeg blir alltid så sulten av å lese bloggen din :-) Masse god inspirasjon. Du er kjempeflink! :-)

Ragnhild sa...

Det er kjekt å sjå at det kan nyte den norske somaren :) Eg og ei venninne prøvde oppskrifta di i går (med nokre små justeringar, blant anna hadde vi eit eple i) og vart veldig fornøgd med resultatet!