Eit nerdeinnlegg idag og. Ikkje før eg hadde laga eit nytt blomebed så måtte eg til å ommøblere det. Løytnantshjerte i eit bed på framsida av huset som har stått der eit par år har no vorte så stor at den skuggar for alle rosene og staudene som er rundt. Sjølv om den er i blomst måtte eg flytte den. Diverre medførte det at den fekk litt hard medfart, men neste år vert den så fin så. Det gjeld å tenke langsiktig.
På bilete over er den enno ikkje så stor som då eg flytta den. Litt dårleg bilete, kveldssola gjer det uklårt, men den stakkars stauda vart flytta hit. Den står øverst midt i bilete og heng med hovudet. For nokre dagar sidan laga eg eit kart over kor dei nye staudene sto i bedet, det kartet er berre til å gløyme. Nesten alle staudene er flytta og eg har supplert med enda fleire. Får kome tilbake til kva som fins her når plantene har vekst litt. Akkurat no er det små planter og mykje jord.
På sørsida vart det plutseleg så lyst og lett for dei stakkars plantene rundt. Det vart eit stort tomrom etter at eg flytta begge løytnantshjertene. Det sto ei ved sida av den rosa blømande buska heilt til høgre (roseklokkebusk). Den står også i det nye bedet på nordsida. I staden for har eg planta rosa dagliljer, kvite og rosa revebjeller, kvit stokkrose, rosa anemoner og mykje meir. Må vel lage eit kart her og, for eg kjenner det byrjer og nå eit kritisk punkt på kva eg klarar å huske.
Medan eg fotograferte jobba ei flittig humle i roseklokkebuska. Der er det mykje humler/bier (kva er eigentleg forskjellen?) og for dokke som likar humler i hagen så kan eg anbefale denne.
Synest dei er så søte. Her ser vi haletippen til humla. Det heiter vel noko anna, men biologi har aldri vore mi sterke side. Humlene skal vi iallefall ta vare på.
Eg kan vel ikkje unngå å seie noko om at vi har jubilant i huset idag. Han har hatt ein flott dag med marsipankake og presangar som berre han kan ønske seg. Mannepresangar som eg får indirekte glede av ;-)
2 kommentarer:
Synes det er så spennende å lese om blomster. Og løytnanshjerte har jeg i hagen også, men ikke riktig så stor. Nydelig blomst igrunn, men mye grønt i forhold til blomst.
Flott bedd som du har bygget opp med mur forresten :D
Liker bloggen din! Særlig det du skriver om hage og å tenke langsiktig-som hagenovise og med en liten en på slep er det akkurat det jeg er nødt til...
Legg inn en kommentar