Eg gjekk mitt første fjell på veldig lenge, det var deilig! Eg er veldig glad i å gå i fjellet, kven er vel ikkje det? Så lenge eg får gå i mitt tempo og nyte turen utan at nokon pustar meg i nakken så er det den beste medisin. Det er så deilig å bruke kroppen, nyte frisk luft og ikkje minst kome opp på toppen og sjå utsikt. Og sjølvsagt skrive seg i boka.
Hånipa er ikkje den høgaste toppen (346 m), men utsikta er upåklageleg. Her ser vi Arna. Den deilige sommarsola er tilbake og lyser opp turen. Eg fekk lyst til å gå mykje lenger, det er så herleg å vere ute i dette vèret. Utsikta her ifrå er mot Nordhordaland. Kan tenke meg det er fint å sitte her når sola går ned.
Eg har eit mål om å samle fjelltoppar. Eg har lyst å gå dei fleste fjell i nærleiken, men eg har ikkje hastverk. Eg skal ta det i mitt tempo og når det passar meg. Kanskje eg vert sprek til slutt, kven veit...
2 kommentarer:
Ja,det er virkelig deilig å gå i fjellet.
Så ut som en herlig tur dette.
Ha en fin kveld
Klem Christina
Så fint å samle på fjelltopper. Det er en tanke jeg liker. Og jeg er akkurat som deg; jeg elsker å gå på fjellet, men det må være uten at noen puster og maser bak meg. Det skal nytes, og en pause her og der er lov;-)
Håper du har mange fine fjellturer i vente!
Klemmer til deg
Legg inn en kommentar