Eg har ikkje tid å blogge når det er fint vèr. Eg må utnytte dei fine dagane vi har til å vere ute. Likevel, mykje av tida går til blomar og det å sjå tilbake på kva som blømde til kvar ei tid er kjekt. Idag skriv vi 11.juni og eg har talt opp 29 sortar som blømer akkurat no.
Utanom den gule er alle nye av året. Mandarinrosa skuffar ikkje, den tåler regn og blømer lenge. Øverst til venstre er nellikrot. Under den ser du tøffelblome. Og den gule heiter smågullkorg. Den raude rett over er ein isbegonia (sommarblome).Det er mest rosa stauder i hagen. Frå øverst til venstre og deretter mot klokka: Prydjordbær, rosekrage, phlox, petunia, pelargonia, roseklokkebusk, epletre, strandnellik, løytnantshjarte, akeleie, allåkerbær og den siste huskar eg ikkje. I midten ser du småhjarte.
Graslauk, phlox, surfina, akeleier, veronika, syringer og eit par til...
Det er mykje som ikkje blømer, det er det fine. Alltid noko å glede seg over. Diverre er det meldt regn nokre dagar framover så då vert det mindre hagekos. Då er det bra at eg har stovegolv som må vaskast....
3 kommentarer:
Ja nå bryter blomsterfyrverkeriene løs. Mye fint som blomstrer hos deg!
Så masse fine blomster! :-) Utrolig flink er du! Her går det i stein og jord foreløpig, men det blir kanskje bra en gang! ;-) Hilsen Ann-Christin
Den ene skjønnheten etter den andre! Dette er en herlig tid. Det popper og spretter:)
Legg inn en kommentar