onsdag 8. august 2012

Stadig noko nytt i hagen

Mellom OL og ein selskapsglad baby har eg tatt bilete av nykomlingane i hagen. Det er alltid kjekt å tidfeste kor tid første bløminga skjer for å samanlikne år for år om det er forskjellar eller likskap. Eg tenkte å ta nokre bileter av beda litt seinare i veka for å vise korleis det ser ut i august, men fram til då får vi kose oss med nærbileter.
Kvit peonvalmue sådde eg direkte ute i mai. Den er eittårig, har veldig bleike og lysegrønne blad, men sjølve blomen er ganske vakker. Likevel, den er ganske skuffande når du ser under.
Dette er bilete frå Impecta. Frøa eg kjøpte hadde bilete av denne blomen og eg trudde det var det som skulle dukke opp av jorda. Har noko mystisk skjedd? Dårlege vekstforhold eller kva? Er det regnet no igjen vi skal skulde på? I det minste; eg fekk den til å spire.
Lavendelen flytta eg i år. I fjor kom det ingen blomar, men i år veks og trivs den. Det var også kjekt at ei bie landa på blomen då eg tok bilete. Lavendelen har så vidt byrja å bløme, men eg skal ta bilete av heile samlinga snart.
Myskmalvaen som eg sådde i vinter har vokse seg stor og er no på vei ut i blomst. Eg får ta nokre før og etter-bileter av miniatyrstiklingane eg planta ut i mai og som har utvikla seg til både det eine og det andre no i august.
Eg kjøpte nokre lilla småblomstra klematis før i år. Den eine har no fått sin første blome. Når du ser handa mi så ser du at blomen er ganske liten.  Dorothy Walton heiter denne.
Og haustfloksen har fått sin første blome.
Vierhortensiaen som eg fekk avleggar av før i år står no i full blomst og er det tørt nok i vèret kjenner eg at blomane duftar. Når denne veks seg større vert dette eit fantastisk syn som skiljer to delar av hagen.
 Polarblågull som eg sådde i vinter.  Eg fekk tre planter av x antall frø. Tre er vel betre enn ingen...
Riddersporen er litt rar i år grunna sniglane som åt skudda første tida i vår. Men den har tatt seg opp og trivs i krukka. Sjølv om eg ikkje har lyst, så må eg vel plante den i jorda snart. Eg får vere litt obs til våren på denne.

Det får vere alt for idag. Eg håpar på meir varme framover. Allvèrsjakke i august er ikkje det eg ønskar meg mest. Ha ein fin OL-kveld.

4 kommentarer:

Merethe sa...

Heisann :) Tusen takk for koselig hilsen. I syv,åtte år har jeg gravd i denne hagen på småbruket. Det var jo noe opparbeidet fra før av, men det meste har blitt gjort de seinere årene. Nå skal jeg titte i bloggen din for er usikker på om jeg har vært her før :)

MissMette sa...

Mange fine blomster du har ღ Ridderspore har vist jeg også, ser jeg ut fra bilde du viser, hihi... og skjønne lille Anna under her ღ så nydelig... Kos deg masse med OL og ha en fin uke, klem fra Mette

MarJE sa...

Kor lurt å grave opp Riddarsporane å plante dei i krukke for å verne mot sniglane. Mine Riddarsporar åt sniglane etter kvart som dei spirde så den eine rett og slett døde. Dei andre er berre noko pjusk som ikkje vert noko av i år :(( I fjor var dei digre og fulle av blomar.
Mykje fint du har fått til av frø :))
Klematisen var ei lita nusselig sak.
Ha ein fin kosekveld :))

Martin sa...

Søk på klematis Dorothy Walton førte meg til bloggen din. Men jeg lurer på om din plante kan være feilmerket ?
Bildet stemmer ikke med andre bilder av den, og heller ikke med min klematis 'Bagatelle' (Dorothy Walton).