fredag 10. august 2012

Bringebærhage

Vi har vore så heldig å fått avleggarar av bringebærbusker. Buskene stammar opprinneleg frå Hardanger og då vi fekk avleggarane hadde dei mykje bringebær på seg. Bæra er smakt og godkjent både av små og store, så vi gler oss til avlinga neste år. 
Alle hjalp til. Malin høyrde kråkene rope på ho ifølge ho sjølv, men ho ga dei klar beskjed om at ho hadde ikkje tid til å leike for ho måtte jobbe. Livleg fantasi er det inga tvil om at ho har.
Emil grov så godt han kan, men han vart fort lei. Espen har gravd hola og sett i buskene. Eg tok bileter og sto til pynt, haha!
Det vart 25 busker. Nokre små avleggarar vart satt ilag. Vi må sette ned pinnar og feste streng mellom endepunkta slik at bringebæra har noko å støtte seg til.
Bringebæra står på staden vi har hatt materiale i to år. At der ikkje er noko materiale lenger er vel teikn på noko, er det ikkje? Jaudå, garasja er nesten ferdig. Og den nysådde plenen er grøn som dokke ser på bilete, men framleis ikkje tett nok til at vi kan gå på den. Hipp hurra for alt som vert gjort!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hipp hurra! Ja det kan du godt seie, kjekt med alt som er gjort - og so flott å ha sin eigen bringebærhage då :o) Klem Lenemora

Helene Orskaug sa...

Hei! Jeg kom tilfeldigvis over bloggen din! Legger meg som følger hos deg, jeg:o)
Så gøy det blir med egen bringebæravling:o)
Jeg har foreløpig kun jordbær..også debuterte jeg med drivhus i år- veldig gøy:o)
Ha en fin helg:o)
Heleneklem