fredag 3. august 2012

Bella Rosa

Det skjer kvart år og vi gløymer det like ofte. Juli og ferietid er regnfull og ikkje mykje kjekk mot rosene som står i blome akkurat då. Det er så frustrerande å sjå store, flotte knoppar rotne vekk på grunn av regnet. Det skjer i denne hagen og, men det fins håp.
Denne rosa, Bella Rosa, står like vakker sjølv om det regnar . Det er ei klaserose, vert omlag 60 cm høg og har herdighetssone H4. Den har ein fantastisk knallrosa farge og eit sett med nydelege kronblad.
Rosa har eg planta framfor klematisen som helst skal ha noko som skuggar for sola dei første 50 cm (har eg lest). Dette bedet er framleis heilt nytt så plantene vil verte større etterkvart. Rosene trivs godt i dette hjørnet og eg kjenner at det kriblar når eg ser på dei. Om nokon er interessert i at eg gjentar meg sjølv så er det frå venstre New Dawn, klematisen Maria Cornelia og Coral Dawn til høgre. Klematisen veks som eit olja lyn og kan absolutt anbefalast.

3 kommentarer:

Lina sa...

Har tenkt på ho heilt sidan eg va hos deko! :) denne MÅ eg skaffa meg!

Ann-Kristin sa...

Eg har og ei slik rose i hagen (egentlig fleire...), som heldt seg fin uansett vèr. Den heiter Heidi Klum, og har ein utrulig fin rosa farge. :)

MissMette sa...

Hei Torill :)
Så mange fine innlegg, både fra veranda, hjemmeferie og fra Voss ღ herlig... og nydelige roser! Du må bare si hva de heter for er det noe jeg er veldig dårlig på så er det blomsternavn, hihi... Klematis og roser er en av favorittene mine ღ Gleder meg til å følge deg fremover å se hvordan det blir - ser i alle fall veldig fint ut og du er veldig flink :) Kjempekoselig at du ville være med på min giveaway ღ - og tusen takk for alltid så fine kommentarer hos meg :) Ha en fortsatt fin sommer og helg... Klem fra Mette