torsdag 5. juli 2012

Klart til plensåing

Det har vore ein heilt fantastisk dag idag. 28 grader i skuggen på det varmaste, då kan ein ikkje klage! Ungane har fått bada i basseng, vi har grilla og Espen har slått til med raking av stein og gjort jorda klart til å verte sådd. 
Det brune området er altså vår nye plen om ein månad. Vi har spraya på Roundup for omlag ei veke sidan for å hindre at ugraset skal utkonkurrerere grasfrøa og imorgon skal Espen så i plenfrø. Fordi det er så varmt som det er vert det nok mykje vatning med vatnspredaren.
Garasja vår står urørt for tida, men Espen har planar om å kome igang igjen neste veke. Og så har han planar om å bygge ei lita terrasse/platting inntil husveggen som dokke ser. Så får vi sjå kva han får tid til. Planar har vi iallefall nok av.
Å legge ut bileter av ungane som badar og leikar nakne er vel ikkje det mest passande, men eit fint profilbilete av Malin kan eg legge ut. Dei har kost seg i bassenget sitt og sprunge på plenen. Litt raking av jord og sparking av ball har det og vore. Vi kjøpte elektrisk pumpe idag. Og vi har kjøpt ein overgang mellom kran på vaskerommet og hageslange, det kan anbefalast. Då slepp vi å bere bøtter med varmt vatn mellom kjøkkenet og bassenget.
Til slutt ei lita overrasking. Eg visste ikkje at lykkekløver fekk kvite blomar, men det har den altså fått. Kjekt!

3 kommentarer:

Ragnhild sa...

Det blir så fint!! Hadde ikkje hat tid til det no trur ej, men en hage høres fantastisk ut. Når dei blir ferdig med taket her he ej store plana for utbedring av verandaen min. Kanskje får ej me nokke til å spire og gro... Der e lite direkte sollys, så ej må vel berre velge dei riktige plantane tenke ej. Forslag?

Husmannsplassen i Hidlesundet sa...

Her blir det fint! Og gresset gror nok fort, for nå er det meldt regn igjen. Vet ikke helt om det var særlig til trøst:-) Malin ser i alle fall ut til å storkose seg. Vann og barn er aldri feil.
Kjekt når plantene overrasker oss.
Ha en fin helg!
Klem

Marita sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.