tirsdag 19. juli 2011

Deilig, vått og full i sand

Endeleg kom badetemperaturane. Det har vore ein flott dag full i sol, solkrem, sand og glade born. Vi har vore på stranda og i bassenget. Badehanddukane har tørka og vorte våte om kvarandre og vi avslutta dagen med grilling.
Primadonna også i sjøen. Rosa badedrakt, rosa badering og rosa armringar. Sjølvsagt skulle ho ikkje verte våt på badedrakta så vitsen med alt det oppblåsbare har ho ikkje forstått.
Vi tok med masse bøtter og spader i håp om sandslottbygging ilag med borna, men som dokke ser måtte det litt hjelp til. Ungar er kun eit skalkeskjul for å bygge sandslott...
Emil sovna på veg til stranda og vogna vart installert med parasollar i alle retningar for at guten skulle få sove lenge. Men når eg har planar om å få solt meg eit par timar utan forstyrringar, ja så søv ikkje guten meir enn ein halvtime-tre kvarter...
Emil var like skeptisk til havet som igår. Han ropte på pappa når Espen nærma seg vatnet og ville helst ikkje ha nokon av oss ut i det våte element. Eg trur han likte godt den store sandkassa han hadde tilgjengeleg, men mykje av tida satt han mest på pleddet og åt potetskruar og kjeks.
Det var ikkje vanskeleg å få badedrakta til å verte våt då vi installerte oss i bassenget heime. Malin har vorte modig på desse to dagane og hopppar, svøm aleine og kosar seg. Temperaturen har vel sitt og seie kan eg tenke meg, det gjeld iallefall for meg.
Emil har vore skeptisk til no, men då han først var ut i bassenget var han heilt ifrå seg av begeistring. Han hylte av glede og plaska rundt seg med eit stort smil rundt munnen. Vi håpar på fleire dagar som dette for akkurat no er det deilig å vere norsk i Danmark.

2 kommentarer:

Lina sa...

Å kor herlig! :) Ja, når sola skin er det dejlig i Danmark :D Nyt da! Kjekt med alle oppdateringane dine :)

Lina sa...

Eg og elskar roser! :) ja, det håpar eg stemmer. Nyt sola så lenge de og :)