mandag 18. juli 2011

Endelig tid til leik og moro

Etter å ha brukt store delar av dagen igår til organisering av syklar, kunne vi idag legge ut på syklane og ta fatt på dagen med ein gong. Vi har sykla langs stranda og inn i mellom gater med små feriehus, ete is, leika og bada. Grilling har vi gjort i ettermiddag og no har vi endeleg fått ungane i seng.
Ved turistinformasjonen og butikken ikkje så langt frå kor vi bur, er der ein leikeplass som ungane fekk utfolde seg på. Emil er kjempenøgd med å få klatre utan at nokon seier "nei Emil, gå ned".
Leikeplassar er geniale...
Ungane har venta lenge (synest dei) på å få prøve bassenget i hagen og alle unntatt dei to minste bada. Malin var kjempestolt av seg sjølv som svømte heilt aleine. Ho var veldig skeptisk til bassenget i byrjinga og klamra seg fast til Espen, men etterkvart slappa ho av og koste seg.
Thea har vorte så flink å svømme. Sju år og har hovudet under vatn. Ho tok nokre svømmetak og, men det begrensa seg kor mykje ho fekk utfolde seg i bassenget på 3 meter. Veslebroren Elias var like flink i vatnet og svømte visstnok rundt som ein torsk.

Vi håpar på at dagane skal fortsette som idag med sol på himmelen,. Sjølv om det bles frå alle kantar har vi det bra så lenge det ikkje regnar.

Ingen kommentarer: