tirsdag 19. juli 2011

Hit, men ikkje lenger

Eg har i eit tidlegare innlegg vist til vesten eg har byrja å strikke i von om at eg kanskje kom til å fullføre den. Vesten er strikka av restegarn. Det betyr gjerne at ein må kjøpe meir restegarn fordi lageret er tomt for fargen. Og det har skjedd i dette tilfellet.
Eg har strikka heile baksida. Vesten liknar ikkje i det heile tatt den opprinnelege oppskrifta då eg som regel brukar å forandre den litt tilpassa mi late strikking og ønske om at det skal gå fort.
Framsida. Eg har byrja delinga med v-hals. Det er veldig dårlege bileter dette og viser ikkje fargane slik dei er, men eg er likevel ikkje sikker på om denne vesten vert fin. Eg skal iallefall fullføre vesten når eg har fått kjøpt meir garn og så får vi sjå om resultatet vert godkjent av underteikna og han som skal få den.

Må berre fortelle tilslutt at eg såg ei dame på stranda idag som strikka selbuvottar. Midt i solsteiken. Snakk om å vere strikkegal...

Ingen kommentarer: