torsdag 1. juli 2010

Nye gardiner i stova

Gardinene eg tidlegare stussa over er no komt opp. Eg likar veldig godt lyset som treng gjennom blondene. Når dei heng rett ned fjerner eg litt av bestemorinntrykket.Eg har mange fleire vindauge enn dette, men eg tenkte å blogge om stova vår litt seinare. Akkurat no er den ganske naken, men imorgon skal vi på IKEA og fylle opp ein stor bil med bokhyller og kanskje noko anna som gjer huset litt koselegare å bu i.
Elles så bloggar eg no for fyste gong sidan vi flytta inn i nytt hus (20.februar) frå vårt trådlause internett. Det tok oss så lang tid å få internett at eg nesten hadde gitt opp. Det er fleire grunnar til at det har tatt tid. Først var det sprengkulda og tilkomsten til trekkrøra var dekka med ein meter med snø. Når snøen hadde smelta var det ventetid på at elektrikar kunne kome. Når han kom og trakk kabelen, kom telemonteringsselskapet og fortalte at utføringa av jobben var ikkje gjort forskriftsmessig. Reklamasjonen sendte vi 14.april, men ingen svar var å få før slutten av mai. Då hadde saksbehandlar vore i pappapermisjon... Han skulle sjølvsagt få ein montør til å kome veka etter, men saksbehandlar reiste på ferie slik at jobben vart ikkje utført før i forrige veke. Og ikveld kom telemontørmannen og ga oss den etterlengta linja. Det kjennes litt uverkeleg etter utallege mailar og telefonar. Så enkelt og så vanskeleg på same tid.

3 kommentarer:

Kathrine sa...

Så koselig det blir med så lyse gardiner - hadde det i gamle stua mi og likte det veldig godt! Om vinteren kan man bare henge opp en liftgardin inne i vinduet om man synes det blir for kaldt :)

Hvit Pepper sa...

Gardinene ble kjempelekre:)
Og tror det hadde blitt fint på bestemor måten på høstsida og jeg da;)
Gleder meg til å se mer av stua:)
Rart alt skal ta så tid..:S
Bra det ordnet seg tilslutt:)

Aud-Marte sa...

kjempe koselig! He tenkt litt i samme retninga sjøl også i mi stove. Men ej må ha rullgardin i tillegg trur ej for der kjøme so mykje sol rett inn på spisebordet. Kar fann du dei? He du sydd sjøl? Dyre?