søndag 1. november 2009

Isolering og avdeling av rom

Det har vore litt stille på bloggen om husbygging i det siste, men idag tok vi ein liten tur opp for å sjå. I vekene vil eg ikkje forstyrre snekkarane og det er mørkt klokka fem no.
No når det utvendige er ferdig har dei byrja med isoleringa innvendes. Første etasje er tatt og dei har byrja med andre etasjen.
Malin sjekkar kvaliteten. Ho er så fascinert av byggskummet rundt vindauga. Det var forresten utruleg godt og varmt innvendes no når isolasjonen er komen. Vifta står på heile tida for å få ut fukt, og eg har ikkje noko problem å sjå for meg vinter og haustkveldar i dette huset (for å bruke ein klisjè)
I tillegg har dei byrja med rominndeling.Fremste veggen er veggen mellom stove og gang.
Malin er like begeistra for huset som vi er. "Mine huse" som ho seier.
Huset utvendes uten stillas.
Eg hadde ikkje sett verandaen ferdig oppe før, så det var kjekt. Kanskje ikkje heilt den stilen eg ser for meg til slutt med tett rekkverk heile vegen rundt, men det er godt nok akkurat no. På sikt ser vi for oss utskjæringar, profilar o.l, men det vert lenge til....

7 kommentarer:

Monika sa...

Kor spennende
smila fra monika

Anonym sa...

Ja, vi kikka jo inn vindua for å sjå litt i dag! :D Som du veit tok vi turen opp; faktisk gjekk og sykla vi heimanfrå og opp. Utsikten er jo heilt ubetalelig (og vi oppdaga at vi såg ned til huset der vi nå bur; soveromsvindu og badevindu). Huset ser kjempebra ut; de får det verkeleg fint der oppe!!

Anka sa...

Gøy å se fremgangen. Det ser stort og fint ut. Bra du har en liten medhjelper som skjekker om alt er som det skal, hehe. Ønsker deg en god start på uka:)

Refleksjon på livsvegen sa...

Nydeleg hus..

Eirin sa...

Fiine huset deres!
Tenker det blir et nydelig sted å slå seg til ro:):)
Når satser dere på å få flyttet inn?

Marita sa...

kjempe flott. Det går framover i full fart :) Kos

Aud-Marte sa...

Utrulig flott då! Rett og slett eit draumehus! :)

Ej he tatt mej en feriedag i dag og gått mej en fin tur i Angela haust vær!

Du får prøve å slappe av litt før babyen kjøme no då...