mandag 30. november 2009

Oppdatering i huset

Her kjem ei lita oppdatering frå huset. Bileta er uredigert og tatt på laurdag som var. No er det mørkt stort sett heile tida så bileta ber preg av det. Det er ikkje mykje tid til blogging no når ein ny verdensborgar har kome til i familien, men eg klarer likevel ikkje å sleppe heilt taket. Det er det heller ikkje meining at skal skje.
Badet. Kjære vene så stort det er, tenker eg. Kanskje normalt i nye hus...? Golvet er støypt og veggane er plata med gips. No skal golvet herdast ein månad før flisene skal på.
Soverommet til meg og Espen. Her er veggane plata med sponplater og taket er kledd med panel. Her vert det godt å sove. Ingen bråkete naboar og ei heller eit soverom kombinert med lagerplass.
Til høgre er soverommet til Malin og til venstre vert det eit rom til alt. Malin har fått sett rommet sitt og veit godt at det er hennar rom.
Og her kjem trappa mellom etasjane.
Gangen. Idag var vi der og det var gjort ein del meir sidan desse bileta var tatt.I denne opninga kjem det ei dobbel glasdør som skiljer gang og stove. Doble glasdører har alltid vore ein draum kor eg har sett for meg tynne, kvite gardiner blafre i vinden når ein slår opp dørene. Haha, det er mange draumar ein har, men eg ser ikkje heilt for meg desse gardinene blafre. Iallefall ikkje i nokon varm sommarbris...
Stova. Ikkje meir å seie om den...
Vaskerommet er smalt, men praktisk. Eg gleder meg stort til å ta i bruk dette rommet.
Badet nede. Lite, men praktisk. Espen syntes det var større enn han hadde førestelt seg, men det er akkurat plass til det ein treng. Do, vask og dusj.
Skal prøve å kome med oppdatering på vår vesle gut (framleis uten navn) snarast. Det er mange som etterlyser nye bileter.

2 kommentarer:

Anka sa...

Hei og gratulerer med lillegutt. For et skjønnt lite mirakel;) Gøy å se hvordan storesøster oppfører seg. Kan tenke med dette er veldig stas og rart på samme tid. Huset går fremover og ser at rommene begynner å ta form. Spennende. Kos og klem fra meg.

MissMette sa...

Hei Torill
Først av alt, Gratulerer så mye med en nydelig liten gutt!!! Sikkert en spennende og travel tid i møte, men det viktigste av alt, kos dere masse… Spennende å se hvordan huset deres tar form også. Synes bildene dine blir kjempeflotte selv i mørketiden som er over oss… Jeg også hadde drømmen om gardiner som blafrer i sommerbrisen, og jeg skal love deg at det er bare en herlig følelse nå det skjer :o) skikkelig koselig!!! Ønsker deg en fortsatt fin uke. Klem fra Mette