søndag 7. desember 2008

Sjokolade- og peanøttkjeks

Denne helga starta med julebord på fredag. Eg har hatt besøk av ei venninne, Anita, frå i går til idag og vi skulle lage julegodteri og kaker. Vi har laga seigmenn og fudge, men seigmennene fekk eg ikkje tatt bilete av. Anita fekk dei med seg heim fordi eg synest det var for søtt. Fudgen ville ikkje stivne og er no i frysaren i håp om å kunne bruke "karamellsausen" til noko. Idag tok eg fatt på ei oppskrift som eg fann på nettet, men eg visste ikkje korleis dei ville sjå ut. Under ser dokke resultatet. Eg håpte kjeksa skulle likne litt meir på havreflarn. Eg har ei tante som laga nokre kjeks med sjokolade og peanøtter i og som likna havreflarn, men det er altså ikkje denne oppskrifta. Dette er meir som cookies, og er tørrare. Dei er god, men ingen favoritt. Eg vil lage mine eigne juletradisjonar og prøvar å finne ut kva eg skal bake kvart år. Til no har eg funne ut at kransekakepinnar, pepperkaker (inkl. hus), regiastenger, krumkaker og kakene som tanta mi laga, kunne vere mine kandidatar. I tillegg likar eg å lage godteri. Eg treng fleire som kan ete alt dette opp ilag med meg før eg set i gang med den store julebaksten, så alt dette skal eg ikkje lage i år.

2 kommentarer:

Anka sa...

Nam! Det så godt ut det. Kansje det skal bli en av mine syv slag? God kveld.

Fivrel sa...

Oj, du har jammen store planar! Og er alt godt i gong. Her tek me joleførebuingane mykje meir "kuli", det går i adventsstjerne, adventsstearinljos og mandarinar. Enno. Den 22. brakar det kanskje laus. Det har nok helst samanheng med at me berre er to "vaksne" (hardt å kalle seg det!) og ein hund i huset. Borna er vel sterke pådrivarar for jolestas :-) Ha ei god veke!