lørdag 22. oktober 2011

Hue i ein fei

Dette er ei hue alle som har tatt i strikkepinnar kan lage. Eg held framleis på med restegarnprosjekt og julemesseproduksjon. Eg er usannsynlig lei av garnet mitt, men lageret nærmar seg botn. Det er lenge sidan eg kjøpte garn sist, eg kjenner eg er veldig klar for det, men samvitet held meg tilbake litt til.
Hue str 3-4 år, pinne nr 6 og dobbelt garn av ymse babyull. Oppskrifta har eg funne på Pickles, ei side eg sterkt anbefalar. Dette er hue nr 2 frå same mønster som eg har laga idag og igår. Eg har planar om å lage dusk på toppen, så kanskje eg viser meir når dei er ferdig.

fredag 21. oktober 2011

Rillestrikka babyjakke

Eg er i siget, og har fullført jakke nr 2 på same dag. Denne jakka har eg ikkje brukt så lang tid på som kåpa, den er betydeleg mindre og ganske enkel å strikke.
Eg skal gi vekk jakka til Osterøy Redd Barna sitt salgsbord på julemessa. Jakka er str 0-3 mnd og oppskrifta kjem frå Pt Baby 10-4. Garnet eg har brukt er Pt Panda. Eg har ein del restegarn og enkeltnøster som eg har som prosjekt å bruke opp før eg kjøp nytt. Eg har brukt to nøster blått og eitt nøste lys lime.
Heile jakka strikkar du i eitt med riller. Den er veldig kjekk å strikke og den skal nesten ikkje monterast. Knappane manglar, men dei skal sjølvsagt på før messa 19.november.

torsdag 20. oktober 2011

Strikka ullkåpe som enno er litt for stor...

Det har tatt si tid å få ferdig denne kåpa. Eg trur det er eit år sidan eg byrja og motivasjonen har vore opp og ned med å fullføre. Eg fekk den ferdig rundt påske ein gong, men eg orka ikkje monteringa. Heldigvis har Espen ei tante som gjorde det for meg. Det var berre for meg å montere knappane. Og kor lang tid tok det å sy i seks knappar? Tre månadar...
Kåpa er framleis alt for stor, det er litt av grunnen til at eg ikkje har stressa med å verte ferdig. Eg er heime med Malin idag. Eg tok meg saman og bestemte meg for å sy i knappar og samstundes få tatt bileter i godt lys.
Kåpa er strikka med dobbelt garn Sisu frå Sandnes. Oppskrifta er henta frå hefte nr 1001 frå same leverandør.
Eg strikka i størrelse fire år. Malin er fire år, men Sandnes sine oppskrifter har ein tendens til å vere litt store. Skulle kanskje ha strikka i to år dersom eg ville ho skulle ha brukt den no.
Det som var mest vanskeleg var samanfoldinga bak. Elles var oppskrifta grei den etter kva eg huskar. Alltid kjekt med nokre detaljar i oppskrifta som eg ikkje har prøvd før.
"Mamma, e du ferdi no?" Kåpa ser ut som ein sekk på henne.
Eg har ikkje vaska den enno, men maskene vil nok legge seg litt finare når den får seg ein omgang med Milo og vatn.
Knappane har eg kjøpt på Stoff og Stil. Dei er ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg, men det var det næraste eg fann. Knappar synest eg er vanskeleg å finne, det er sjeldan det vert slik ein har tenkt.

Så håpar eg Malin vert stor nok til å bruke kåpa og at ho faktisk vil bruke den og.

søndag 9. oktober 2011

Magnettavle i ny drakt

Lenge hadde eg tenkt å male sjølv ei magnettavle med tavlemaling, men så såg eg at IKEA hadde ei i tre. Med litt maling så vart tavla slik eg hadde tenkt, og tavla var ferdig i sommar. Likevel har det tatt si tid før den kom på veggen.
På kjøkkenet ved spisebordet har eg hengt opp tavla som forhåpentlegvis skal gjere kvardagen litt meir oversiktleg. Eg synest det er greit å ha ein plan tilgjengeleg for alle (som kan lese) over kva vi skal ha til middag og kva som skjer på ettermiddagen/kvelden. På den måten håpar eg vi unngår at begge har planar på same kveld.
Eg har malt tavla i lyseblå. Den fargen går igjen her i huset. Same farge har krakken som eg brukar på kjøkkenet og sjenken i stova. Lyseblått vert eg aldri lei av. Over ser dokke kva eg skal ha til middag komande veke, men sjølve retten veit eg ikkje enno. Det tek litt mykje plass på tavla, men så er eg så heldig at tavla er magnetisk så då kan oppskriftene hengast opp.
Inni tavla kor regningane skal plasserast har eg limt på eit mønsterark. Papiret er skjørt så det tåler ikkje så mykje, men det er ikkje verre enn at eg bytter det ut om det vert øydelagd. Tavla frå IKEA ser eigentleg slik ut. Eg er ikkje så begeistra for denne trefargen. Det er med to krokar som skal henge under tavla, men dei droppa eg. Tavla kostar 149 kroner, så det er ikkje dyrt om du ønskjer ei slik tavle.

lørdag 8. oktober 2011

Eit stort ønskje har gått i oppfylling

Heilt sidan vi flytta inn har eg ønska meg hyller i boda på loftet. Det har vore utruleg frustrerande dei gongane eg har rydda i boda og straks etter er alt rotete igjen. Det hjelp ikkje med plastbokser når den du treng ligg nederst i stabelen.
Sjå på dette kaoset! Eg fekk ikkje igjen døra til slutt. Pappa og gjengen er på besøk denne helga, og han var ikkje sein med å kartlegge behova i huset. Idag har han kjøpt og montert hyller i boda! Å for ein herleg dag!
Han kjøpte sponplater som vi fekk kappa opp i riktig breidde og lengde, kjøpt vinklar og montert opp hyller i heile boda. I tillegg har han lagt golv og festa listene.
Det er så uendeleg deilig å ha hyller. Hyllene er tilpassa alle plastkassene mine slik at eg kan ta dei ut og inn enkelt utan at alt anna ramlar ned.
Under eine hylla har han montert knaggar for oppheng av klede utanfor sesongen, sekkar og anna.
Det gjeld å utnytte plassen... Sjølv rydda eg i alt som hadde vore inni boda, og jammen vart ikkje mykje fjerna. Klede som ungane har vokse ifrå er putta i plastsekkar, unødvendig papp og embalasje skal kastast, og kassene har vorte betre organisert.

I natt skal eg sove godt. Eg er så uendeleg nøgd med dagen. Pappa, du er ein knupp!

fredag 7. oktober 2011

Kvitmalt ferie

Eg har tatt ferie eit par dagar og har vore heilt for meg sjølv i nokre timar. Eg har verken tatt manikyr, ansiktsbehandling eller handla klede, men mala lister i stova/kjøkkenet. Då vi bygde huset skulle vi male listene i eigeninnsatsperioda, men grunna ein vinter utanom det vanlege fekk vi ikkje gjort det. Så er det noko med at lister ikkje er viktig å få malt med det første, og derfor vert nedprioritert.
Trelistene har vorte gulare og meir stygge etter mykje sollys, så det var på tide å få gjort det. Iallefall på stova kor vi oppheld oss. Heilt øverst i bilete ser dokke taklistene som framleis ikkje er mala.
Eg har mala listene langs golvet og rundt dørene, samt rundt vindauga ved sida av verandadøra.
Det vert meir gjennomført når listene er kvite. Vindaugskarmane malte eg ifjor. Fargen på veggen vert og meir synleg. Kvitt er ikkje lenger kvitt, men lysgrå.
Eg er ganske fornøgd med resultatet og startar helga med godt samvit.
Her er eit bilete av kjøkkenet og plassen kor vi et som deler stova og kjøkkenet. Då vi flytta inn var ingen lister malt, gardinene mangla og sponplatene var godt synleg over kjøkkenbenken. Det viser at eg har no gjort litt sidan vi flytta inn...

lørdag 1. oktober 2011

Løkplanting i deilig haustsol

For nokre vakre dagar vi har hatt! Utruleg, men vi skriv 1.oktober idag. Vi går i sandalar og kortarma kjole, og gradene er rundt 20 om dagen. Og dette vèret må vi sjølvsagt utnytte, og eg har valgt å ommøblere bedet.
Eg har aldri vore heilt nøgd med det eine ferdige staudebedet eg har. Blått, gult og rosa ilag skal snart berre verte rosa og kvitt. Dei blå staudene har fått ny plass og dei gule er stua bort i eit hjørne til våren kjem. Så delte eg litt stauder og planta i tulipanløk og påskeliljer. Eg håpar berre eg ikkje har øydelagt alt saman. Frosten kan kome når som helst.
Kvite påsjeliljer og rosa tulipanar. Eg synest gule påskeliljer er veldig fint, men i min hage vert det berre kræsj. Eg har nokre på andre sida av huset, dersom dei kjem opp igjen vel og merke. Og så håpar eg vinteren er snill med plantene mine. Det vert dyrt om eg skal fornye kvart år.
Sjå det deilige haustvèret vi har! Vakre fargar og mystisk haustsol. Eg har forresten planta i tre syrintre langs tomtegrensa. Eg har venta i det lengste grunna garasjemateriale som ligg bak, men no måtte det berre vere og så får eg heller flytte trea dersom vi får godkjent søknad (vi har venta sidan mai!)

Kos dokke vidare i sola for dokke som har den. Det er meldt snø om ei veke, så slepp alt du har mens du kan :-)

søndag 25. september 2011

Grøftekantar kan også vere vakre

Espen har vorte så interessert i muring og steinlegging etter at vi flytta i eige hus. Ute på tunet er han i gang med å lage murkant, og i hagen har han byrja å grave for hagestove kor han skal lage peis i naturstein. Ikkje nok med dette så har han byrja å steinlegge grøftene nedover vegen. For mange er det ei kjent sak at i vinter hadde vi store problemer med vatn som danna seg til is heile den bratte vegen ned frå huset, og vi hadde ikkje tilkomst med bil på 3,5 mnd opp til huset.
Naboane og vi vart samde om at vi skulle få grøfta vegen på nytt før den nye vintersesongen kjem, og for nokre veker sidan kom det ei gravemaskin som fekk gjort dette. For å unngå at grøftene gror att og fyller seg med jord, legg vi stein ned i grøfta og langs kanten innvendes. I tillegg fyller vi med småstein inntil slik at det er stabilt. Bilete over ser dokke byrjinga av grøfta. Vatnet kjem gjennom eit rør frå andre sida av vegen kor vatnet kjem ut av fjell og jordmasser.
Grøfta langs vår veg møter ei røropning med vatn frå nabotomta som ilag renn ned over langs vegen. Dette "krysset" er det to naboar som har gjort.
Espen har brukt mange timar på dette arbeidet og ikkje minst har han brukt energi. Stein er ikkje eit lett materiale. Han er ikkje ferdig enno, men dersom dei vert fleire om arbeidet så går det kanskje fortare. Eg synest dette er eit kjempeflott arbeid og han fortjener masse skryt. Espen er veldig opptatt av at ting skal vere gjort skikkeleg, og det må eg seie det verkelig er med denne grøfta. Flinke Espen!
Eg skulle berre ut to minutt for å ta bileter, men ungane skreik og ville ut og det tok plutselig litt lengre tid. Eg heiv på Emil støvlar og jakke medan han berre fekk gå i strømpebukse. Han er veldig opptatt av banking, og kanskje får Espen hjelp av Emil om 14-15 år?
Malin hadde laga fiskestang i barnehagen denne dagen. Den måtte sjølvsagt prøvast. Ho var heilt overbevist at det var fisk her. Som dokke ser på bilete så står Malin på masse stein som er lagt ned. Det skal ikkje vere slik til slutt, men sluttresultatet får vi kome tilbake til.
Sjarmør, rampetroll og kosegut. Emil er så herlig sjølv om han finn på mykje rart.