tirsdag 5. august 2014

Ein fjelltur er den beste medisin. Tur på Tveitafjellet.

Det har vore kjekt å kome tilbake på jobb etter ferien, men det er mykje som skal takast att så det har vore lite rom for pauser desse dagane. Så kjem eg heim etter jobb kor det er minst like intenst. Topplokket mitt byrja å koke så fjellturen ikveld passa perfekt. Eg tenkte meg eigentleg ikkje om. Eg tok på meg kleda, fylte flaska med vatn og lada telefonen litt ekstra. Ingen vegring, ingen behov for å ta med meg nokon, eg berre gjorde det! 
Eg køyrde til Myking og tok første veg til  venstre etter skiltet til Kalleklauv (frå Lonevåg). Eg parkerte før dei to siste husa og gjekk vegen opp til siste hus (Turdalen). Der byrja stien. Den er lett å sjå heile vegen. Nokre blaute parti på vegen, men ikkje verre enn at eg hadde joggesko. Stien er stort sett lett å gå så det skal ikkje vere så alt for vanskeleg for dei minste. Det er litt "skogete" i starten, men så opnar det seg opp. Undervegs møter ein nydeleg utsikt mot Storavatnet.
Det er ikkje alltid toppen som har den beste utsikta.
På toppen ser vi Osterfjorden med Fotlandsvåg til høgre og Ostereidet til venstre for fjorden.
Fjordutsikt mot Fensfjorden.
 Osterfjorden mot Knarvik og Hordvik.
Korleis tek folk desse vakre sjølvportretta (selfie om du vil) når dei trenar? Eg hadde nok med å puste og få til eit smil. Men det er iallefall eit bevis.

Litt om toppen. Tveitafjellet er 556 m.o.h  og du kan gå opp både frå Myking og Hosanger. Kvart år arrangerer Mjøsdalen IL motbakkeløp med start frå ungdomshuset i Hosanger og løypa er 3,8 km. Frå Turdalen kor eg gjekk er det 1,81 km opp i følge Endomondo. Forøvrig er eg litt tvilsam til denne appen, men det kan likegodt vere min feil. Eg brukte forøvrig 32 minutt ein veg.

Eg anbefalar turen på det sterkaste. Ta på deg skoa og berre gjer det!

lørdag 2. august 2014

Stongfjellet 640 m.o.h.

Det var på tide å bevege seg igjen etter lengre ferie. Eg har høyrt mykje fint om Stongfjellet så eg såg fram til turen. Eg og Ann-Kristin gjekk turen på tysdag. Det var varmt og fint. Vi køyrde til Lonevåg, forbi Lobas mot Hovden. På flata på Byrkjeland var det parkering. Vi valte den bratte løypa etter anbefaling. Den andre løypa skal visst vere langdryg og ikkje noko enklare. 
Eg merka godt i beina at det var lenge sidan sist eg hadde gått. Det var som eg ikkje hadde musklar att. Men etter 20 minutt vart eg varm i kroppen og då gjekk det fint. Eg treng alltid litt oppvarming før eg kjenner at eg er i gang. På bilete er vi på toppen og skuar utover Lonevågen.
Vi ser og  ned til Gjerstad, Austbygdi og Rongve.
Om eg ikkje tek feil så ser vi Flatafjellet fremst. Kartlesing er ikkje mitt sterke felt.
Her har eg skrive navn på toppane slik eg tolkar kartet. Men du får klikke på bilete for å ta ein nærmare kikk. Eg gadd ikkje rette på det då eg oppdaga feila. Ferielat..
Turkameraten får vere mitt vitne idag. På bilete ser dokke ein gradestokk. Den viste 14 grader og det blåste i tillegg. Då vi satt i bilen på veg til fjellet målte temperaturen 23 grader så det vart litt feil påkledning på meg. Den varme dusjen då eg kom heim gjorde underverker. Ein fin tur uansett.

fredag 1. august 2014

Lettstrikka genser i norsk tradisjonsmønster

Feriestrikketøyet mitt er ferdig. Eg byrja på genseren lenge før ferien, men eg bestemte meg for å verte ferdig når eg hadde ferie. Varmt i vèret har det vore nesten kvar einaste dag så det har ikkje vore mykje ork til strikking. Om kvelden i teltet hadde eg og Espen ein time for oss sjølv så då strikka eg i halvmørket under eit stearinlys før det vart alt for mørkt.
Mønsteret på genseren er henta frå boka Norsk strikk. Fargane i boka er lik den som eg har. Eg har brukt Drops Nepal og pinne 6. Av erfaring så brukar tjukkegensarar å vere alt anna enn figursydde så bolen har to mindre rapportar enn oppskrifta og armane er og smalare. Det gjorde eg rett i då eg ikkje er den største kroppen i utgangspunktet.
Mjuk og god, men veldig varm så denne vert ikkje tatt fram før til vinteren. Den loar litt då garnet er ei blanding av ull og alpakka. Det er eit blandingsforhold eg likar veldig godt.
Det gjekk veldig fort å strikke denne genseren om du reknar i timar. Eg er iallefall nøgd og eg er i strikkemodus så kanskje eg snart ferdig med eit nytt plagg. Litt mindre format denne gongen.

torsdag 31. juli 2014

Sørlandsbyane på vår veg

Eg er utruleg glad i gamle trehus og lysta til å oppleve sørlandsbyane har vore der lenge. Eg har høyrt og sett så mykje fint om dei kvite perlene, så det har vore kjekt å få sett alt sjølv. Vi voksne likar å gå i små gater blant gamle og sjarmerande hus, men ungane derimot ser ikkje meininga med det. Dei likte seg best på campingen. Så har vi erfart det og. Ein lærer mens ein lever, det er sikkert.
Grimstad har fleire heier som ein kan vandre til å oppleve byen i fugleperspektiv. Ved Grimstad kyrkje var det flott utsikt sjølv om det regna.
Dagen  vi gjekk i Grimstad var den einaste dagen det regna på turen vår så vi kan ikkje klage. Eg fann ein butikk som bugna av flotte kjolar og kom ut av butikken med tre stykke. Mye Fint heiter den.
Eg vert veldig sjarmert av slike hus og gater som dette, men samstundes så bur dei veldig tett på kvarandre. Med alt det levenet som vi lagar så trur eg det er best at vi bur her vi bur....
"Hen e leikebutikken? Eg e tørst, kan eg få slush? Eg vil ha is! Kor tid får eg ei leike?"
Ein ettermiddag reiste vi til Arendal for å ete middag. Nydeleg vèr og stemning. Vi endte opp med Egon's. Heilt kurant. Eg fekk iallefall ete litt salat. Det vert ikkje så mykje grønne vekster på campingtur.
Desse byane langs sørlandskysten har vore utruleg flinke til å ta vare på historia. Her på Vestlandet opplever eg at alt som vart bygd før krigen skulle fjernast til fordel for betongbygningar og moderne løysingar. Det er vel kanskje derfor vi vert så sjarmert når vi ser slike stadar som dette.
Arendal på veg ut i havet.
På veg til Kragerø stoppa vi i Tvedestrand. Eg har høyrt mykje fint om staden så vi svinga innom. Og fint var det.
Sjølvsagt måtte vi stoppe i Risør. Og rykte om byen lyg ikkje. Iallefall ikkje når det er sol og varmt. Så fint det er her! Eg gjekk forbi eit hus med eit flott blomebed utanfor huset. Så mykje fint på så liten plass. Fantastisk!
Det var utruleg mykje båtturistar. Alt ifrå små robåtar til digre luksusbåtar.
Vi var i Risør berre eit par timar så vi såg berre det som var sentrum, men det var veldig fint det vi såg då. Eg vil gjerne tilbake.
Den som hadde hatt ein båt...
Og i Risør har dei slush på Joker.
Siste by er Kragerø. Her overnatta vi tre dagar. Det skal eg fortelle meir om ein annan dag.
Det var overfylt med folk og ein voldsom hete. Vi vart raskt ferdig med å vere her den eine dagen og tok igjen turen i byen dagen før vi reiste.
Kragerø var ein fin liten stad, men det var nok Risør som sjarmerte meg mest.

tirsdag 29. juli 2014

Årets ferietur, del 1

Etter 10 dagar på camping er vi heime og kosar oss med det skiftande vèret. Det er alltid kjekt å blogge om turar vi har vore på då bloggen hjelp meg å huske datoar og opplevingar. Eg har planar om fotobøker, men sidan eg spår at det kan ta lang tid så kan eg like godt blogge om det. Det fine er at fleire får sjå kva vi har gjort. Ein del har eg vist på Instagram allereie.
Det tek tid å få alt ein skal ha med på telttur i bilen. Ein må prioritere hardt kva som er viktig då vi berre har ei skiboks og eit bagasjerom til ein familie på fem. Vi køyrde i regnvèr store delar av turen, men Morgedal canping i Telemark lyste av sommarsol. Ein idyllisk plass med lite turistar og god tumleplass for alle. Vi budde i hytte første natta for å sleppe og pakke ut alt.
Det var fri bruk av båt på campingplassen. Vi fekk plass til alle i jolla og ungane fekk opplevelsen av å vere i båt. Det er ikkje ofte det skjer. Det var varmt både i lufta og i vatnet og starten på ferien var bra.
Ungane koste seg med gråtassen på campingen og Anna prøvde dissestativet. Dei store leikemoglegheitene var der ikkje elles.
Hytta  var nostalgisk og sjarmerande og senga var utruleg god å ligge i synest eg. Det var ikkje vatn i hytta, men sanitæranlegget låg like ved. Alt av kjøkkenutstyr var det så det var nesten ingenting å klage på. Det dumme var at varmevatn fekk du ikkje bruke utan å betale for det, ikkje når du hadde  vore på do ein gong. Antibac kom godt med, men ein vert lei av det og.
Morgedal camping i kveldssol. Ungane bada litt i vatnet og for ei natt var dette ein fin plass. Terningkast fire.
Etter Telemark kom Aust-Agder. Eg må seie Telemark og Agderfylka er utruleg keisame å køyre gjennom før ein kjem til kysten. Skog, vatn, skog og nesten ikkje tettstadar. Vi bestemte oss for å køyre til Grimstad. Først prøvde vi å få plass på ein tettpakka campingplass som heiter Moysand. Eg trur skjebnen ville oss godt då det ikkje var plass til oss der. Istaden fekk vi plass på Morvigsanden camping. Du verden så koseleg! Over ser dokke stranda som var på campingen. Kaldt i vatnet og mykje brennmanetar, men elles heilt topp. Ungane ville ikkje bade i det kalde vatnet derfor vart det berre to netter.
Campingplassen hadde ein populær karusell som samla ungar som ein magnet. Det var aldri keisamt på leikeplassen og ungane fekk leike med mange iløpet av tida vi var der. Ein anna populær sak var slush. Det vart fleire slush iløpet av turen på Malin og Emil. Kaldt og godt i det veldig varme vèret.
Anna er tøff og svingar seg like mykje som dei store. Det er lite som hindrar ho dersom ho verkeleg vil. Det fine med denne campingen var at det var litt vind der. Anna er ikkje glad i varmen har vi lært.
Boccia fekk vi låne med resepsjonen. Det er fint å vere vekkreist. Ein har mykje tid til ungane då og godt samvit.
Ein flott campingplass. Det var rimeleg å dusje, reint på toaletta, kjøleskap til dei som trengte det og fin strand. Det var enkel standard, men full i sjarm og god plass. Ungane koste seg, personalet var hyggeleg, men når stranda ikkje kunne tas i bruk på grunn av manetar og temperatur (personleg smak kanskje) så trakk det ned. Terningkast 4,5.
Bak om fjorden fins det alltids ein skog...

Dette var første delen av turen, meir kjem ein annan dag. Sommarferie i Noreg er heilt topp så lenge vèret er bra. Eg forstår kva folk seier til og med. Utanom han i Morgedal då...

mandag 14. juli 2014

Camping på Voss

Forrige helg var vi på Voss for å teste ut det som vert årets ferie. I sommar skal vi på telttur med heile familien på slep og alt det som er nødvendig å ha med for at vi skal få ein kjekk tur. Malin hadde vore ei veke i Volda og på fredagen møtte vi Malin ilag med mormor og besten på Voss. 
Emil er svært glad i tog og vi hadde avtalt at eg og han skulle ta toget frå Arna til Voss medan Espen og Anna køyrde. Han hadde gleda seg enormt til dette og var mildt sagt elektrisk då toget kom på perrongen.
Bilete seier meir enn ord. Han var så glad! Diverre er det ein del tunnellar på turen så Emil vart etterkvart ganske trøytt og utlada. Likevel, det var stor stas med ein togtur.
Vi campa på Voss camping og det var opphaldsvèr slik at det gjekk greitt å få opp teltet. Ved leggetid las mormor til Anna og Emil. Det er så koseleg med slike minner. Mormor og besten overnatta forøvrig på motellet til Fleischer hotell.
Teltet vårt er 3,8 x 5,8 m stort, altså 22 kvm! Ståhøgda er 2 meter og har to soverom i tillegg til stove. Snakk om luksuscamping! Vannsøyletrykket er 4000 mm og det fekk vi verkeleg erfart. På laurdag opna heile himmelen seg og det regna syndeflod og trollkjerringar heile kvelden og natta. Vi kunne ikkje snakke til kvarandre fordi regnet laga slik støy og i tillegg blas det, men teltet sto og alle var tørre. Teltet er kjøpt på Jysk og kostar 2000 kr(!).
Malin har ikkje noko kleskode når det gjeld vèr. Enten det regnar, bles, snør eller er sterk sol så har ho nesten ikkje klede på seg. Ho har ein kroppstemperatur som ikkje liknar nokon av oss andre sin, og om natta når eg frys så ligg ho å gløder som ein ovn. Malin storkoste seg på campingen og regnet hindra ikkje henne å ha det kjekt. Ho traff ei anna jente på leikeplassen og så var dei vennar.
Stilmessig så kan eg ikkje skryte på meg noko inne i teltet. Her gjeld det å ha det praktisk og ei pakkeliste skore ned til margen. Campingbordet og dei fire stolane er samanleggbare, og er kjøpt på Europris for tilsaman kr 525. Kanskje ikkje luksus, men praktisk og godt nok for oss. Vi er opptatt av at det ikkje skal koste så mykje. Det er heile vitsen med årets ferie. I staden for dyre hytter og sydenturar, reiser vi billeg og er fleksible med kor vi skal reise. Vèret styrer ferien vår i år.
Dei to soveromma har skillevegg som ein kan rulle opp. Det er mest praktisk for oss. To luftmadrasser på 200x150 cm samt kvar sin sovepose så ligg vi godt. Det er litt uvant å ligge på luftmadrasser i starten, men alt vert ein vane. Soveposane fekk vi billeg gjennom medlemstilbod på Jula. Tilsaman kosta luftmadrassene og dei fire soveposane vi kjøpte kr 794.

Elles så har vi kjøpt kjølebag som både har stikkontakt og adapter til bil, vannkokar, kost og brett, piknikkteppe til golvteppe, dørmatte og ein lampe. I tillegg har vi med vifte med varm og kald luft. Kanskje eg har gløymt noko no, men dette var det viktigaste. Omlag 800 kr for utstyret. Og alt utstyret som eg har nevnt har jo vi i fleire år og så får ein fornye seg ved behov. Kr 4100 for alt eg har nevnt, det er ikkje noko å seie på. Eg kan legge til at mamma og Ivar vart frista av campinglivet etter å ha besøkt oss. Det var faktisk ganske komfortabelt å vere i teltet trass regn og litt kjølig temperatur ute.

Til slutt vil eg seie noko om Voss camping. Den ligg flott til på Voss med berre nokre hundremeter frå handlegatene. Det er ein liten og intim campingplass med ein ok leikeplass samt to flotte grillhytter for dei som vil grille. Forutan dette så er sanitæranlegget gammalt og kunne med fordel vore reinholdt meir enn ein gong om dagen. For oss som teltar så ligg teltplassen litt for langt unna doen om natta og internettforbindelsen var svært ustabil, særskilt under VM-kampane. Kanskje ikkje så rart. Campingen ligg så sentralt til at dei er nok populære uansett standard, men eg ville med fordel forbetra eit par ting. Om eg skulle gitt campingplassen eit terningkast, så får dei tre frå meg. Prisen var det ikkje noko å seie på. Kr 220,- for telt inkl bil + 35 kr for strøm.

onsdag 2. juli 2014

Opp og ned er like langt. Tur til Stemmeseggi

Igår var det varmt og fint til ein fjelltur. Eg køyrde forbi Votlo og opp Hausberga der eg parkerte. Stien er tydeleg merka heile vegen og lett å gå dei fleste plassar. 
Turen opp til Stemmeseggi er ikkje vanskeleg å gå for born. Lett terreng og ikkje alt for langt før du når toppen. Eg brukte 45 minutt opp. Dette er vel og merke frå den sida eg gjekk. Går du ifrå Mjeldalen tek det lengre tid og det er brattare slik eg har forstått det. Dersom det har regna så bør du ha vanntette sko då det vanlegvis er ein del blaute parti. Utsikta på biletet over viser blant anna Osterøybrua.
Utsikt mot Garnes. 
Det er mange sider rundt eit fjell og alltid mange fine stadar å sjå.
Sidan eg gjekk aleine så har eg kun min eigen skugge som bevis. Stemmeseggi er 572 m.o.h og er mitt 8.fjell i "prosjektet" mitt. Det er 18 fjell som gjenstår, men eg trur ikkje alle vert gått på grunn av at det er vanskeleg å ta seg fram utan båt eller helikopter.