torsdag 13. desember 2012

Tid for mat

Anna har passert 5 månadar, men er framleis ganske så lita. Ho strekk seg, men vekta går ikkje opp slik ho skal. Idag er ho 64 cm og 5,5 kg. Det er ikkje mykje for å vere 5 mnd. Det er ikkje noko gale med mjølka, det er Anna som ikkje gidd å ete. Ikkje har ho rulla enno heller, så ho er ganske bedageleg anlagt.
Først på menyen er havremjølsgraut som har lagt i blaut ein time og deretter kokt opp i nokre minutt. Så blandar eg ei lita teskei graut med morsmjølk slik at konsistensen vert tynn. Anna protesterte ikkje, men viste ikkje den store interessa heller.
Det er mange milepælar ein skal gjennom og den første maten er ein av dei.  Det vart ikkje lussekattar på henne idag, men havremjølsgraut var no ikkje så verst heller.
Så får vi håpe ho legg på seg slik at helsesøstra ikkje stressar slik. Ho likar verken inaktive eller tynne babyar så her må eg stå på. Hadde ho vore førstemann hadde eg kanskje stressa ilag med ho, men det gjer eg ikkje. Ungar er ulike og det viktigaste er at dei er friske, våkne og fornøgd med livet.

tirsdag 11. desember 2012

Kongleengel

I desse juleverkstadtider finn vi mange frustrerte skule- og barnehageansatte. Ungane skal ha juleverkstad og kassa er tom. Kommunen kuttar i midlane og enkelte har ikkje midlar i det heile tatt. Alle som jobbar med born vil berre det beste for borna og dei ønskjer at dei skal få lage noko som er fint å ta med seg heim. Fordi hovudet mitt boblar over av idear ganske så ofte så har eg ganske mange forslag til kva ein kan lage utan at det kostar så mykje. Eg håpar eg får tid til å lage ein liten serie over det som eg meiner egnar seg på eit juleverkstad, påskeverkstad og elles i året. Tinga eg lagar er meint å passe for born. 
Først vil eg berre vise dokke eit utkast av ein engel eg har laga idag. Eg vil kome med forklaring seinare, utbetringar og sjølvsagt skal Malin (5 år) få prøve å lage den. Det hjelp ikkje at eg lagar noko dersom ikkje borna kan klare det. Eg kan seie så pass at akkurat denne engelen kostar kr 1,80. Det er rimelegare enn Nille til og med :-)

mandag 10. desember 2012

Den første skituren

Vi bur ikkje akkurat i ei snøhole. Tvert imot må vi nytte sjansen medan vi har den. I og med Emil har bursdag 23.november og det er julaftan 24.desember skulle ein kanskje tru at det hadde vore naturleg å gi ski på ein av desse datoane, men neida, vi slo til no av den grunn at det er no det er snø. Ein treåring forstår ikkje at han må vente på snøen, dersom han i det heile tatt kjem, i det augneblinket han får skia. Det tok litt tid å skaffe desse skia då ingen sportsbutikkar i Bergen hadde str 27, men til slutt klaffa det.
Tørrtrening i stova. Emil var glad, men ikkje  overbegeistra. Han har aldri snakka om ski, men det er snø ute og då "må" han gå på ski. Ja for det er vel forventa og ikkje minst er det kjekt når ein først får dreisen på teknikken. Legg forresten merke til installasjonen framfor ovnen. Er det berre eg som har ein mann som får ovnsplata til å sjå ut som eit våpenskjold? Forstår ikkje greia sjølv om eg er sikker på det har noko med sikkerhet å gjere...
Ut på snøen, veldig spennande.
Emil følg med på beina sine heile tida og har ikkje tid til å verte tatt bilete av.
Malin har med seg ski i barnehagen kvar dag og har vorte ganske så flink og modig på ski. Fordi Emil fekk mest  merksemd då han skulle prøve skia for fyste gong, datt Malin til stadig for at pappa skulle sjå på henne og...
Det går litt i kryss...
Sjå på meg!
Etter at dette bilete var tatt har det kome meir snø. Malin og Espen var ute på markane og gjekk igår. Ho er visst så tøff at flate parti er ikkje godt nok, her det nedoverbakkar som teller.
Trening gjer meister. Vi får håpe at vi får litt snø denne vinteren så ungane får kose seg masse ute.

søndag 9. desember 2012

Bakedugnad

Tre damer med mann og ungar på slep samt tre sortar kakedeig på ein laurdagettermiddag. Slik var det her hjå oss igår då eg, Kjersti og Åshild vart samde om å samle familiane, vere sosial og effektivisere julebaksten på same tid. Vi drakk gløgg, bakte, passa unga og styrte på. Veldig kjekt.
Ikkje tid til så mange bileter, men dette illustrerer at ungane var med å bake julemannar. Det tok tid, det krever tolmod, men det er fascinerande å sjå kor viktig val av kakeformer er kvar gong dei skal stikke ut i deigen. Kake med omtanke, det er sikkert.
Åshild var leiar av ungeflokken og styrte gløggen. Ho hadde laga kakemann/julemanndeig. Sidan Åshild ikkje er på facebook kjenner eg det store ansvaret på å ta ho inn i varmen i den sosiale media-verda, hehe.
Mitt bidrag var brune pinnar. Eg har aldri laga det før bortsett frå for nokre dagar sidan då eg fant ut at eg skulle lage ein sunnare versjon av desse. Eg hadde mindre smør, brukte sukrin istaden for sukker og nytta kesam i røra. Det vart ikkje det same og eg skal ikkje gjere det igjen. Noko får vere som det alltid har vore; mykje smør og mykje sukker. Oppskrifta skal dokke få for desse brune pinnane var kjempegode.

200 gr smør
200 gr sukker
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
½ ts malt kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gr kveitemjøl (ca)

1 eggekvite, sammenvispa
Perlesukker
Finhakka mandlar


Sett steikomnen på 175°C. Ta fram steikebrett med bakepapir.
Rør smør og sukker godt. Bland i resten av ingrediensene. Kna deigen og del den i 6 emner. Trill tynne pølser og trykk dei litt flate på stekeplata med fingeren.
Pensle med egg, dryss på mandlar og sukker. Steik kakene i ca 10 minutter midt i ovnen. Når du har tatt ut kakene, skal du skjære dei på skrå, smale pinner medan dei framleis er varme.
Julemannar. Kvar gong eg opna ovnsdøra slo dampen med hjortesalt imot meg. Alt i systemet vart godt gjennomrensa den dagen...
Serinakaker, deig frå Kjersti. Denne har mykje smør i seg. Det både lukta og glinsa smør, men smør er no så godt at det kan vi ikkje seie noko på.
Ungane malte/dynka julemannar i konditorfarge. Det ser heilt forferdeleg ut og det fristar ikkje for mitt vedkommande å ete dette. Ungane ville heller ikkje ha det då dei sa at dei ikkje ville ete maling. Tippar dei endar i bosset.

Dette håpar eg vi gjentar neste år. Kjempekoseleg! Eg hadde for to veker sidan ingen planar om å bake i år, no har eg fem sortar allereie. Skal vel klare å verte julefeit i år og...

torsdag 6. desember 2012

Julebaksten har starta

På tysdag hadde eg Emil heime og planen var at vi skulle bake julekaker. Emil synest det er kjekt å hjelpe til på kjøkkenet, men eg merka meg at det er baking med kjevle og kakeformer som er kjekt, ikkje alt anna som eigentleg berre eg kan bake ut. 
Eg baka to sortar; pleskner og regiastenger. Pleskner er noko mamma er oppvaksen med, men som ho ikkje har laga sjølv. Mamma fortalte alltid om desse julekakene som smelta på tunga og det høyrtes fristande ut for meg. Det er ei enkel oppskrift som eg sjølvsagt deler med dokke.

2 egg
120 gr sukker
150 gr kveitemjøl
1/2 teskei vaniljesukker

Visp egga godt med sukkeret.
Tilsett vaniljesukkeret og sikta kveitemjøl.
Bruk ei teskei og sett deigen på ei bakepapirkledd bakeplate.
Steik på midterste rille i steikeovnen ved 175 grader , til kakene er lys gylne. (ca. 11 min)
Avkjøl på rist.
Den andre kakesorten vi bakte var regiastenger. Det er ei slags kakaomørdeig som steikast og vert brownies liknande kjeks. Mamma har alltid laga dei og det er definitivt min favoritt blant mamma sine julekaker. Og oppskrifta skal dokke få med håp om at dokke lagar dei sjølve og.

160 gr smør
2 dl sukker
1 egg
5 dl kveitemjøl
3 ss kakao
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg og dei tørre ingrediensane. La stå kaldt ei lita stund før du rullar dei ut til 3 pølser. Trykk pølsene flate og steik dei på 200 grader i 15 min. Del dei opp i snittar og la dei avkjøle på rist. Desse er fine å ete ilag med kald melk.

Kva slags julekaker må du bake kvart år?

Mørketid


tirsdag 4. desember 2012

Vinterleik

Det vert mykje blogging om ungar har eg lagt merke til. Det er ikkje tenkt slik eigentleg, men det er stort sett berre dei eg rekk å ta bilete av. I helga til dømes hadde vi julebord her heime og eg kunne vist dokke ei pynta stove, pinnekjøtet eg laga og kakene eg hadde baka. No er vi komen til tysdag og restane er ete opp og stova er slik som den brukar å vere. 
Det er vinter på Osterøy. Ikkje så mykje snø, men nok til at ein kan gå på ski og ake. Ungane kosar seg i snøen, det må eg sjølvsagt ta bilete av. Ja for det er ikkje garantert at snøen kjem att.
Malin lengtar etter å få på seg ski, men skiskoa var for små så ho må vente til vi får kjøpt nye seinare idag. Det er utruleg kor dei veks på eit år. Ullundertøyet som var litt for stort ifjor er litt for lite i år. Vottane som vi trudde ikkje kom til å passe før dei var ti år gamle, passar Malin no. Så feil kan ein ta.
Emil skal få sine første ski, det vert spennande.
Idag er Emil heime med meg. Vi lagar knekkebrød og bakar julekaker. Men han er meir opptatt med å leike med finbestikket mitt og bygge lego. Så det er vel eg som bakar og han smakar. Sola er framme og eg håpar vi får tatt oss ein tur ut. Høyres det idyllisk ut? Ja då kan eg fortelje dokke at eg nettopp har tatt Emil i å teikne den gamle vekta mi på kjøkkenbenken svart.

torsdag 29. november 2012

Barnestrekar

I tråd med at det snart er jul og advent ba eg Malin teikna ein engel. Som ho sa sjølv " ho hadde jobba hardt" med denne og ho fekk mykje ros for at ho var så flink. Ho svara då med å gi meg teikninga og skreiv "Til mamma" på teikninga. Etter ei lita stund tok ho teikninga tilbake, strauk over "Til mamma" og behaldt den sjølv... 
Så eg viser dokke denne teikninga som eg har lånt av kunstnaren sjølv. Synest den var så fin trass alt..