søndag 8. juni 2008

Eg har leita fram scrappelysta

I fire månadar har scrappeutstyret mitt lagt i ei kasse. Temperaturen sank kraftig i Bergen idag, og når den nådde 15 grader, kom lysta til å gjere noko innandørs. Eg har planar om å lage ein album til Malin, og inntil idag var berre to sider unnagjort. Så mitt bidrag idag er ei side med bileter av morfar, farmor og mormor og Malin når ho var heilt lita.

torsdag 29. mai 2008

Sjå kva som blømer i hagen ikveld

Nokre blomar i hagen er på hell, andre er på veg til å springe ut. Idag hadde eg lyst å ta bilete av dei blomane som står i sin finaste kjole akkurat ikveld. Navnet på plantene eg kan, står under bilete. Dersom dokke kan navn på nokon eg ikkje kan, kan dokke gjerne skrive det i kommentaren. Hagen har ikkje vi laga og ikkje veit eg kor gamal den er, men akkurat no er det vi som passar på den. Draumen er å lage ein hage frå byrjinga av, og eg har etterkvart fått mange gode idear til den. I mellomtida får eg nyte den vi har no.
Hageasalea.
Kjempevalmue
Tistel (har iallefall alltid kalla dei det...)
Rododendron (Polaris)
Gyvel og ei søt humle
Fjellflokk
Rododendron

Smørblomst/engsoleie

Forglemmegei
Storkenebb

mandag 26. mai 2008

Planering av plen og nytt bedd

I ettermiddag/kveld har eg og Espen vore i hagen. Espen har køyrt lass etter lass med jord med ein plan om å lage ny plen på eit område i hagen som ikkje har vore så lett å kome til med plenklippar. Han har planert og gjort det klart til såing av frø. Eg synest han har vore veldig flink.
Eg kunne ikkje vere noko dårlegare enn Espen, og har laga bedd under verandaen ikveld. Det er ikkje noko vakkert under verandaen, og tanken er å skaffe oss stauder, gjerne vintergrøne, som tåler mykje sol og som dekkjer godt innsynet under verandaen. Har nokon eit godt tips til kva planter vi kan bruke?
På andre sida av trappa planta eg ei plante som sto ein annan stad i hagen. Synest ho kom bedre til sin rett her. Har lagt nokre steinar rundt for å ramme inne den fine planta. Veit ikkje kva ho heiter, men det kjem rosa blomstrar på den seinare i sommar. Eg er ikkje den som er ivrigast i å leite fram plantenavn, det viktigaste er at planta er vakker.
Må berre vise dokke eit tre som har stått og bloma lenge no. Vi ser den frå stova og kjøkkenet, og eg synest det er så fint. Eg har faktisk tenkt å ta meg bryet å leite fram navnet til den, for treet er så vakkert at eg gjerne kunne tenke meg eit slikt i ein eventuell framtidig hage.

Konfirmasjon

Eg var i konfirmasjon i helga til mitt yngste søskenbarn Andrea. Eg har lyst å vise dokke det fine bilete av konfirmanten som er tatt av bror min André. Han er ein ivrig hobbyfotograf og har eit godt kamera. Det gyldne håret hennar, den grøne bakgrunnen og det vakre lyset gjer tilsaman biletet til det fine det nettopp er. Og Andrea er jo så søt i seg sjølv i tillegg.
Det er forresten tilfeldig at bror min og søskenbarnet mitt heiter nesten det same. Det er ikkje slik at alle i slekta heiter noko som liknar deira navn...

søndag 18. mai 2008

Hurra for 17.mai!

Den store dagen vart feira på Valestrand i år. Vi har vore der mykje i det siste og det er like koseleg kvar gong. 17.mai i Bergen er alt for slitsomt, særskildt når ein har barnevogn, så Valestrand er eit godt alternativ. Vi har vore saman med to søskenbarn av Espen med familie. Det er Malin sin første 17.mai og det var spennande å sjå korleis ho reagerte på toget, flagg, masse unga, leik og livet ellers på 17.mai.
Flagget er mest for å ete på, alt skal smakast.
Vi gjekk i tog og ruta gjekk rundt i sentrum av bygda og enda opp ved Bullahuset. Sommarhuset til Ole Bull i si tid. Der var det tale. Vidare var det mat og leikar på skulen og fotballbana.Malin var i kjempehumør og koste seg. Ho likar veldig godt å kike på folk, og då er vel 17.mai ein fin dag for henne.

Må vise fram bunaden min, den er eg så glad i. Sunnmørsbunad så klart!

Oppsummering: Været var bra, stemninga var god, maten var billig og leikane er fortsatt kjekke. 17.mai er altså framleis ei flott markering av grunnlova vår. Hurra for 17.mai!

Tur rundt Brakvatne

Turen rundt Brakvatne på Valestrand idag gjorde underverker for ein 17.mai-sliten kropp. Litt kaldt i lufta, men sola glimta til innimellom. Ein fin turveg med mykje fin natur. Her er noko av det vi såg og gjorde langs vegen.




søndag 11. mai 2008

Stemningsbileter

Eg har så mykje eg vil vise dokke. Her er nokon bileter som gir meg ei god kjensle. Bileta er frå helga.
Hønsehuset bakerst og vedaskjulet, eller "kikkå" som dei innfødte seier.
Tatt frå steingarden eller "oppe med grinde". Bilete viser det meste av innmark på garden til bestefaren til Espen. Kanskje dokke kjenner igjen plassen vi ønskjer å bygge frå eit anna bilete tidlegare i bloggen?
Små, vakre Natt og Dag. Desse veks på stien mellom bestefaren til Espen og onkelen.
Bekkeblome trur eg. Fann dei iallefall i ein liten bekk.

Morgenstemning tatt frå "Kringestemmo". Var ute og trilla og berre måtte fange augneblikket.

Familieliv

Vi har storkost oss i helga i det fine vèret. Mesteparten av familien til Espen bur på Valestrand og dei samlast ofte ilag når det skjer noko. I helga har vi hatt det kjekt ilag med terrassebygging og grilling.
Farmor og Malin i vårsola utanfor huset til oldefar.
Vi samlast til grilling i Reigstadåsen etter ein lang dag med dugnad for enkelte. Både små og store er med, og her er dei to minste Malin og Elias som raskt fant tonen.
Mora til Espen er for tida på besøk på Valestrand, og eg trur ho kosar seg på dette biletet. Kan du ikkje forstå henne når du har naturen og familien rundt?

Grilling er vel også litt stress. Alle får ikkje mat samtidig, men alle er svoltne. Når grillen er slokt og magen er full, ja først då slappar ein av.