mandag 26. mai 2008

Planering av plen og nytt bedd

I ettermiddag/kveld har eg og Espen vore i hagen. Espen har køyrt lass etter lass med jord med ein plan om å lage ny plen på eit område i hagen som ikkje har vore så lett å kome til med plenklippar. Han har planert og gjort det klart til såing av frø. Eg synest han har vore veldig flink.
Eg kunne ikkje vere noko dårlegare enn Espen, og har laga bedd under verandaen ikveld. Det er ikkje noko vakkert under verandaen, og tanken er å skaffe oss stauder, gjerne vintergrøne, som tåler mykje sol og som dekkjer godt innsynet under verandaen. Har nokon eit godt tips til kva planter vi kan bruke?
På andre sida av trappa planta eg ei plante som sto ein annan stad i hagen. Synest ho kom bedre til sin rett her. Har lagt nokre steinar rundt for å ramme inne den fine planta. Veit ikkje kva ho heiter, men det kjem rosa blomstrar på den seinare i sommar. Eg er ikkje den som er ivrigast i å leite fram plantenavn, det viktigaste er at planta er vakker.
Må berre vise dokke eit tre som har stått og bloma lenge no. Vi ser den frå stova og kjøkkenet, og eg synest det er så fint. Eg har faktisk tenkt å ta meg bryet å leite fram navnet til den, for treet er så vakkert at eg gjerne kunne tenke meg eit slikt i ein eventuell framtidig hage.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Halloen! Kjempeflinke e dokke, so kjekt å ha litt fint å sjå på ute når det er fint ver - eller regn... Fekk ikkje sjekke bloggen før idag - farsan sat på Hegnar og eg fekk ikkje sleppe til i går kveld - BOMBE.... Klem Lene.

Anonym sa...

Jeg kommer jo ikke til å kjenne meg igjen når jeg kommer neddover :)

Anonym sa...

så deilig med bare nye bedd :)
Vintergrønn er ikke min forte, nå kjenner jeg ikke din klimasone men om det ikke er for kaldt så kan du jo vurdere en vintergrønn klatrer som eføy (bergflette) eller vinterkaprifol. Også ha endel blomstrende stauder og sommerblomster forran/mellom. Monter opp et nett forran det du vil dekke (feks armeringsnett) og om du ikke vil ha klatreren opp forran rekkverket så friserer du bare av og til med saksa.