søndag 17. august 2014

Skogstur til Orretuva- Tirevolltunet-Raknes

Vi skulle berre ta ein liten fjelltur før Anna skulle legge seg og tenkte at Orretuva var eit fint mål. Eg har gått der før og brukte ein halvtime opp, men det var først no eg verkeleg fekk kjenne på korleis dette turmålet er. Med småfolk på slep så vert underlaget så mykje tydelegare.  
Vi parkerte ved Hjellvik bedehus og gjekk stien opp. Heile vegen var det berre skog og bakken var full i røtter og glatte steinar. Emil hylte av frustrasjon mange gongar. "Eg vil ikkje på fjelltur, aldri i livet, aldri i verda. Eg hatar sopp, eg vil ikkje meir. Hyyyl!!!" Røttene var glatte, steinane var glatte og Emil snublar og dett mange gongar. Dei to andre spring framfor utan problem og Anna sovnar til slutt i meisa av den keisame turen. Fjelltur utan noko anna enn skog er ikkje fjelltur, men skogstur.
Vel framme etter ein time var det både utsikt, fint vèr og glade born. Alt som før hadde skjedd var gløymt. Vi åt kjeks og drakk saft, skreiv oss i boka og oppdaterte Instragram slik at alle fekk vite kor flinke foreldre vi er som tek ungane med på tur. Espen var godt sveitt på ryggen etter meisa og skuldrane var ømme etter den nokså dårlege meisa vi har. Den skal skiftast ut har vi avgjort. Anna kosar seg i den og søv no uansett, men det er ikkje lett å bruke den om ein skal vere ute meir enn ein time.
På Orretuva fann ungane eit "hundehus". To hundar og ei storesøster var visst leiken.
Vi gjekk vidare til Tirevolltunet. Ein bortgøymt gard kor det ikkje har budd folk på mange tiår. Det vert arrangert samlingar her nokre gongar i året, men idag var det heilt stille. Skogen vert høgare og nærare for kvart år så det er litt vemodig å vere på slike stadar og. Ungane fekk meir kjeks, saft og eplebåtar. Niste hadde eg ikkje smurt, vi skulle tross alt berre vere borte ein time.

Vi gjekk stien ned til Raknes og gjekk bilvegen tilbake til Hjellvik bedehus. Den eine timen vart til tre og litt til så ungane var slitne etter turen. Litt klaging og syting undervegs frå nokon, men alt i alt var dei veldig flinke. Dersom eg skulle anbefale denne turen så ville eg sagt at ein bør parkere ved Raknestunet, gå turen opp til Tirevolltunet og Orretuva for så gå tilbake same veg. Men det forutset at du stiller deg inn på at du går skogstur og ikkje fjelltur. Ungane synest vegen var keisam og eg er heilt samd. Inga stjerne frå meg idag, men godt samvit om ikkje anna.

Ingen kommentarer: