fredag 30. mai 2014

Hagen idag

I vinter sådde eg ingenting og ikkje har eg sådd noko direkte i jorda heller. Det er utruleg hektisk å halde styr på Anna som snart er to år samt alt anna som må gjerast, så eg har ikkje prioritert hage i det heile i år. No når sesongen har starta ute så får eg halde vedlike det eg har og byrje å ommøblere (igjen) når eg ser korleis sommaren har vore.
Dette bedet har inga avslutning. Det skal vi gjere noko med. Eg har ein idé om trapp ned til flaggstanga som er til venstre for bilete. Skråningane bakover er så bratte at det er lite ein kan gjere utan å bygge opp mur. DET har vi ikkje tid til med det første. Topplauken til høgre i bilete er ny av året, ein avleggar frå Åshild. Elles så hadde eg sommarblomar der som det berre er jord no ifjor så eg må finne på noko lurt iløpet av kort tid for at det ikkje skal sjå så nakent ut. Litt urter og stauder i dette bedet slik det er no. Sjølvsagt skal det ommøblerast med tid og stunder. Ingenting får stå i ro hjå meg.
Kanskje ikkje heilt sant at alt skal flyttast på. Roser og peoner skal få stå i fred. I år er det ei vanvittig fart på plantene og vi skriv ikkje sommarmånader før om to dagar. Noko er allereie avblomstra som roseklokkebuska til høgre.
Akeleiene eg sådde sjølv ifjor med frø frå Impecta. I år kom blomane og du verden så kjekt å få det til! Elles i dette bedet  er det mykje som veks seg til. Det meste er frø eg sådde ifjor.
Akkurat no blømer graslauken. Akeleiene  til venstre har spredd seg for alle vindar og det er blåe flekkar mange stadar. Eg likar det! Akeleien til høgre er den som eg viste på bilete nr 3. Så utruleg vakkert! Eg vil berre ha fleire sortar, eg kan ikkje få nok.
Min første peonknopp etter tre-fire år! Hurra! Forglemmegei, Nellikrot og Smågullkorg.
Problemplantene akkurat no. Begge løytnantshjertene ser tufsne ut. Dei blømer lite og kort. Dei får både gjødsel, lys og vatn så eg veit ikkje kva som har gått av dei. Håper det tek seg opp att neste år. Dei skuffar vanlegvis ikkje. Kamellia har ikkje bloma sidan eg fekk han for tre år sidan. Den har vorte større, men i år har den fått seg ein knekk med mange brune blad. Eg måtte klippe den godt ned og no ser det ut til at det kjem to knoppar som muligens har vorte visne før dei har sprunge ut. Anar ikkje kva eg gjer gale, frustrerande er det iallefall for den er så fin når den blømer. Siste buska er roseklokkebuska. Den rakk knapt å bløme før den visna igjen. Den er gjødsla og vatna, og får rikeleg med sol. Får dei for mykje sol desse plantene skal tru? Kom gjerne med tips for eg er rådvill.

1 kommentar:

Unknown sa...

Ja akeleier er flotte! Hva med å kjøpe en pose kornblomster og strø der du har bar jord? Det finnes mange fine farger/typer og de vokser raskt :)