Det er ikkje få gonger eg har flytta borna ut og inn av soveromma. Først hadde Malin det blå rommet aleine, så kom Emil inn. Deretter skulle Malin få eget soverom så ho flytta ut. Så skulle vi male taket til Emil sitt rom så han vart flytta inn til Malin. Så flytta Emil tilbake og etterkvart kom Anna inn. Og no har Emil flytta inn til Malin og Anna har flytta inn til oss. Heng du med?
Det har seg slik at i dette huset er det ikkje stille om natta. Heilt frå Emil var 10 mnd så har han plagast med nattskrekk, eller vi foreldre har plagast at han har nattskrekk. For han huskar ingenting, men det som skjer er at han skrik opp i søvne, snakkar som han skulle vere våken, grin uavbrutt og sparkar rundt seg og er heilt fortvilt. Litt kos og ein sang får han til å roe seg, men det treng ikkje ta mange timane før det skjer igjen. Han skrik som regel om kvelden og ein gong om natta. Før var det verre, men etter eit par turar hjå homeopat vart det betre. Då Emil var eitt år søkte vi råd hjå helsestasjonen opp til fleire gongar, men dei berre vifta med eit ark med tiltak mot søvnvanskar og ferdig med det. Sjølvsagt prøvde vi alt, men heldigvis fekk vi tips om å gå til homeopat slik at han kunne fortelle oss at dette er nattskrekk. Det vart mykje enklare å forstå heile situasjonen med ein gong. Uansett, Emil har hatt dårlege netter dei siste månadane og vi foreldre har ikkje hatt søvn på auget meir enn 4-5 timar i døgnet. Alle kjenner kjensla over å vere så trøytt at augene er tørre og det kjennes tungt å puste. Med Anna som våknar i tillegg så vert ein så sliten at lunta er kort og alt er berre utriveleg. Og då vart løysinga å ha Emil inn på rom med Malin igjen. For han søv så godt ilag med ho.Ungane var svært begeistra over tanken på leikerom. Eit stort engasjement, særleg hjå Malin, ga resultat i det dokke ser på bileta. Malin fekk seg eigen frisør- og beautysalong, dokkekrok, kjøkkenkrok og så vidare. Og kva skjedde i natt? Emil sov som ein stein til ti på sju. Tre timar lengre enn igår, får ein herleg morgon det har vore! Eg håpar så indeleg dette kan vare for det er berre fire veker til eg byrjar å jobbe igjen. Det er med blanda kjensler, men det vert godt å kome seg vekk frå kleshaugar, støvete krokar og ein kjøkkenbenk som aldri ser strøken ut meir enn tre minutt. Eg ønskjer alle ein fin søndag!