Då vi kom heim frå Volda vart vi møtt med steinpryd i oppkjørselen. Espen hadde brukt fleire timar på å vere ute medan vi var vekke og resultatet var ein flott mur som markerer kanten mellom tun og hage betre.
Tørrmuring er i ferd med å verte ein lidenskap for Espen. Han samlar stein titt og ofte og har eit auge for stein som kan passe når han er ute og går. Det er mange planar som svirrar i hovudet hans, både steinhus og murar, men heilt kva han tenkjer veit eg ikkje. Han får styre seg slik han vil så lenge eg får dei blomane eg drøymer om. Fint slik, at vi utfyller kvarandre.
Sjå den stakkars gyvelen til høgre, den har dauda i frosten. Oppå muren skal det vere blomar.Først var det plen her, men no skal det vere eit kjempestort bed langs heile kanten der bilen står. Ein kan aldri få nok blomar!Og Espen er i gang med ein ny mur. Den skiljer også tun og hage. Synest han er flink. Han sjølv er veldig pirkete og er aldri heilt nøgd. Ofte ser eg ikkje det han ser som han meiner er feil. Godt nok for meg må vel vere godt nok for alle, tenker eg :-)
4 kommentarer:
Kjekt å ha ein handyman! Veldig fint med sånne steinmurer!
Så flink han er !
Muren ble knallfin :)
Fint med stein i hagen.
Så flink han er! :) elskar sånne murar.
Så flink! Her ble det og fascinasjon for murer og nr to er under produksjon nå.
Legg inn en kommentar