Som vi ventar på at noko skal skje! Anna er ti månader og verken sitt, kryp, ålar eller noko anna normalt for ein ti månader gammal baby. Men no har det skjedd noko. Anna står på alle fire og sannsynlegvis lurer på om ho skal bevege seg.
"Alt er normalt", "Ikkje stress, det kjem når det kjem". Jada jada. Vi stressar ikkje, men det er 2.5 månad til barnehagestart og derfor ønskjer eg at ho skal vere litt robust på enkelte område. Det hadde ikkje vore eit lett hjarte som sendte henne i barnehage no. Tenk, Emil byrja i barnehage akkurat på denne tida. Det er heilt forferdeleg å tenke på, men ein har ikkje noko valg og heldigvis går det veldig fint. Emil var forøvrig langt lenger fram motorisk enn veslesøstra.Søte, gode Anna. Ho er så vever at eg har vanskeleg for å forstå at ho er ti månader.
Storebror vil gjerne vise trikset sitt. Han kan hoppe over Anna medan han spring. Anna registrer det knapt..
Det var dagens gode nyhende. Og sjølvsagt kunne eg tatt med at vi har hatt 26 grader idag, men det får vi vente med. No er det Melodi Grand Prix. Eg brukar ikkje følge med, men noko seier meg at vi kan gjere det betre i år enn på lenge. Sist gong vi vann låg eg å sov, men eg håpar vi ikkje vinn. Lisensen er høg nok etter siste fest.
4 kommentarer:
Guri så søt ho er altså, men så lita og vever ja. Torvald var jo en virvelvind på den tida og barnehagestart var noe vi virkelig så frem til ;) hehe!
Guri så søt ho er altså, men så lita og vever ja. Torvald var jo en virvelvind på den tida og barnehagestart var noe vi virkelig så frem til ;) hehe!
Så herlige bilder og så fine 17-mai
pyntet barn ღ ser ut som dere hadde
en flott dag ... Lille skjønne Anna
er jo bare skjønn da, er vel ikke
lenge til hun fyker rundt som en
virvelvind ღ Tiden går så alt for
fort og plutselig er det både barne-
hage og skole ღ Kos dere masse og
nyt tiden og ha en fortsatt fin pinse
og helg :) Klem fra Mette
Legg inn en kommentar