For eit herleg vèr vi har! Eg skjønnar at det er mange stadar i landet det er sol no, iallefall om eg skal tru facebookvenene mine. Så lenge eg har sol sjølv unnar eg sjølvsagt alle andre det og.
I vindauget vårt står det blomar som vitnar om at våren er på veg. Tulipanar og primula strålar om kapp med sola. Dei fleste frøa har spirt og det er mykje grønt som kjem opp. Nokre er så store at eg snart må dele dei.
Eg må snart gjere ein pottehandel. Eg har ingen blomepotter som passar. Iskremboksene vitnar om at vi syndar og kosar oss innimellom. Eg skjønnar ikkje kor eg skal gjere av alle plantene til slutt. Tenk om eg hadde hatt eit drivhus, då hadde det løyst seg sjølv. Basilikumen har eg forresten ikkje sådd. Den står Coop änglamark for.Om du ser ut av vindauget på siste bilete så kan du sjå is som smeltar i vintersol. Snø som smeltar når det er sol gjer meg så glad. Eg gler meg slik til vår at eg er heilt sprekkferdig!
2 kommentarer:
EG ÓG!!!!!! :D herlige solbilder! :))
Jeg er enig, så lenge jeg har sol kan jeg glede meg over andres sol. Heldigvis har Vestlandet vært mest heldige med solen og vårfølelsen de siste uken, og jeg elsker det. Solskinn inn i vinduet, sol som faktisk varmer ørlite grann i ryggen, lysere og lengre dager og alle små, fine spirer - slik som dine i vinduet.
Jeg har storkost meg med dine herlige tekster om hverdagen og livet, og jeg elsker dem. Særlig innlegget om Anna - allerede syv mnd. Jeg besøker deg snart igjen.
En god uke ønsker jeg deg så lenge. Måtte du få mye solskinn i ditt sinn! :-)
Legg inn en kommentar