Det har vore veldig dårleg vèr dei siste vekene, men no ser det ut til at det snur. Det har vore ein fin utedag idag for store og små. Medan eg har kost meg ilag med borna og fine venner, har Espen hatt dugnad på garasja. Eg har diverre ikkje bilete frå arbeidslaget, men Espen har fått hjelp av fem mannfolk idag. Veldig kjekt!
Med hjelp av sterke mannfolk og ein solid traktor fekk dei opp taksteinane på taket idag. Jobben var gjort på to timar.Espen og Steffen gjorde ferdig gavlborda etter at laget hadde gått, og så gjenstår montering av takrennener før steinen skal på.
Legg merke til den fine hagen vår til venstre i bilete... No når takststeinane er oppe kan vi rydde boss, flytte resten av taksteinen vekk og få tilkøyrd jord. Det skal lagast både det eine og det andre her.
Litt kledning gjenstår og vindauge og dør. Likevel er vi kome langt. Veldig kjekt. Tenk korleis det hadde vore om vi ikkje hadde fått alle den gode hjelpa vi har fått til no? Utruleg kjekt med gode venner og familie som stiller opp. Det er då det er kjekt å hjelpe tilbake.
1 kommentar:
Så langt de har komme! :) og tenk så godt det blir å få rydda vekk skrot, og kunna fokusera på hagen :)
Legg inn en kommentar