søndag 4. desember 2011

Søndag før jul ein gong

Klokka er 16 og ute er det mørkt allereie. Helga er snart over og eg funderer på kor helga har vorte av. Eg sitt og førebur meg til eksamen som er om tre dagar. Det er ikkje så lett å få så mykje tid til førebuing som eg først hadde tenkt meg. Medan eg lagar bidragskalkyler, kontantstrømmar og vurderer om kostnaden aukar eller minkar resultatet, ligg resten av gjengen på sofaen. Den største snorkar, den mellomste har slokna og den minste ligg på sofaen og hermar etter lyden av den største.
Eg har tent adventslysa idag. Det skulle visst vere to. Eg har ikkje hatt tid til å tenne det første før, men det spelar inga rolle for lysa får ikkje stå så lenge før ungane vil blåse det ut likevel. Slik får det vere i år. Eg gleder meg veldig til 8.desember. Då er eksamen over og juleførebuingane kan ta til. Kanskje tørkar eg støv slik som ifjor, har ikkje heilt bestemt meg, men eg skal iallefall bytte ut blomane i vindauge. Mine stakkarlege pelargoniar har stått i vindauget alt for lenge og har nok behov for ein liten vinterdvale.

Dette blogginnlegget vert no avbrutt av den minste som vil teikne sjølvkostkalkyle og rekne nullpunktomsetning på sin måte. Ønskjer alle ein fin kveld.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Jula kjeme no uansett korleis ein har førebudd sej (eller ikkje) he ej erfart ;o)
Masse lykke til med eksamen, vennen - ej e sikker på at du klare det med glans! Goklem frå Lenemora <3 <3 <3

Lina sa...

Dette går fint, Torill! Driftige jenter som deg, får ei fin jul etter alt kav, det er eg overbevist om! ♥

TAKK for fine ord hos meg - du er god! :) ♥

klem frå Lina

Pia sa...

Lykke til med eksamen! Tvi tvi:)

Anonym sa...

Ja det er kjekt å blåse lys her i heimen og :)
Guten min er ni, eldstejenta 5 og tvillingane(i midten ja) er 4 :)
So ein finfin gjeng♡

Klem Anita

Kathrine sa...

Så koselig med adventstake! Den har naturlige grunner ikke kommet frm her enda ;) Jeg er, som du sier i uke 37 om det er min termin som er rett ja - så for min del kan det igrunn begynne å skje noe neste uke - slitsomt å ikke sove, og når jeg sover er det dårlig i redsel for å havne på ryggen! JEg krysser fingrene for at humøret holder seg ;) hehe

Fjordlykke sa...

Herlig koselig stemning hos dere!
Lykke til med eksamen!
Jeg tar litt etterutdanning, men det er jammen ikke lett å få gjort så mye. Blir nok skippertak før oppgaven skal leveres;)

Klem:)