søndag 18. desember 2011

Medan vi ventar på jul

Det er fem dagar til jul og eg merkar meg at huset byrjar å verte ryddig. Det er eit godt teikn. Eg har framleis til gode å bake, men så er det fem dagar igjen og alt kan skje. Presangane er nesten ferdig innkjøpt, berre gåve til ungane igjen. Huset er så smått pynta og då er vel alt greit. Ja for eg er ikkje ambisiøs og har ikkje tenkt å ha all verdens med pynt, frysaren og kjøleskapet fullt av heimelaga mat osv. Slik er det i år iallefall.
Adventskalenderen med sjokoladar inni er populær og Malin merkar seg at det nærmar seg slutten. Eg har min eigen kalender, kjøpt på Farmors Hus. Eg er heilt avhengig av voksduk og har tatt fram julevoksduken for anledninga. Den kvite duken får først kome fram på julafta.
Nøtter er både dekorativt og godt Det har visst vorte ein tradisjon å pynte med nøtter. Fordi eg er så glad i lyseblått, er det ei utfordring å pynte til jul. Jul er for meg raudt uansett kva moten er, men det såg ut til at dette fungerte ilag med den lyseblå sjenken som du så vidt kan skimte.
Det meste av julepynten har eg fått i julegåve gjennom åra. Det har aldri vore noko særleg populært i mine auge fordi eg såg på pynten som "kjerrringaktig". No har eg tydeligvis vorte kjerring fordi mesteparten av pynten sett eg pris på. Det har tydeligvis vore nokre tanter som har tenkt litt lenger fram enn meg. Forøvrig har eg ein tass på 2 år som ikkje klarar å halde fingrane vekke, akkurat som ifjor, men i år kan eg snakke til han i det minste. Om han høyrer etter då vel og merke...
Malin klar til nissefesten i barnehagen idag. Det er heilt fantastisk å ha ein fireåring i hus når det nærmar seg jul. Det er så kjekt å sjå kor ho gleder seg. Ho tell ned dagane, ho ønskar seg alt ho ser i leikekatalogane, ho syng og jallar på julesangar og ventar på både julenisse og bestemødre som skal kome på besøk. Ho har til og med skrive på til og frå-lappane sjølv. I barnehagen er det mykje snakk om jul og nesten kvar dag fortel ho frå barnehagen om noko som har med jul å gjere som dei har gjort eller lært. Eg har ikkje hatt den heilt store julestemninga sjølv etter at eg byrja å verte voksen, men no merkar eg at gleda er tilbake nettopp fordi eg har fått born som gjer jula meiningsfull.

1 kommentar:

Lina sa...

For eit fint innlegg, Torill! ♥ No gledar eg meg endå meir til å bli mor ein vakker dag ;) hihi... Eg som gledar meg stort over jula heilt på eigenhand - kvar skal det enda, liksom?! hehe.. ;)

Så FIIIIIN den kalenderen din er! Ahh - ønske ønske! :) :) Tenkjer det osar julestemning heime hos dykk - det var nokre flotte ting du viste fram her - ikkje minst nissejenta ♥

klem frå Vardalen :)