onsdag 30. november 2011

Siste haustdag

Det er siste dag i november og hausten er forbi. Det er framleis ikkje noko teikn til vinteren og det er eg veldig glad for. Ute bles og regnar det meir enn vanleg og innekos får eit nytt begrep. Sjølvsagt er det koseleg med vind som ular utanfor, men ungane ular dei og...
Sola viste seg så vidt idag og då var eg raskt framme med kamera. Det har hagla, regna, tordna, lynt og blest idag, og for å gjere vèret komplett så kom sola og. Kan ikkje vere lett å vere metrolog.
Malin har vore heime idag. Ho har stygg hoste og magen har ikkje vore på hennar side. Vi tok ein rask luftetur ut, men hosten var så stygg at vi gjekk fort inn igjen. Ein liten tur på dissa var det likevel tid til.
Malin lo slik fordi ho dissa skeivt. Det var visst veldig morosamt.
Imorgon er det 1.desember og vi skal byrje å opne adventskalender. Malin tell ned dagane til jul og ho kan berre ikkje vente. "Det e so lenge til!". Det er kjekt med ungar som ser fram til jul.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Leeeeenge til jul, ja....mange born som synest det.... Håper lissjesnuppa blir bra i halsen og magen fort fort fort!! Goklem frå Besto :o)

Lina sa...

Eg veit ;) Satsar på eit enkelt for nybegynnarar. Finaste Malin ♥