Malin har endeleg fått sine første ski. Prinsesseski sjølvsagt. Ho har prøvd litt ski i barnehagen, men her heime har det kun vore akebrett tidlegare. Vi kjøpte skia igår, midt i julerushen, og Malin gledde seg slik til å prøve dei. Sjølvom det er ein del av julegåva fekk vi klar beskjed av ho at vi måtte ikkje pakke dei inn. Ho skulle ha dei no.
Ho hadde faktisk litt teknikk på korleis skigåing skulle vere, og ho var ganske flink til å gjere dette nesten for første gong. Ho synest det var kjempekjekt, men Malin var tydeleg på at ho trengte meir trening."Pappa! Hjelp meg!" Trening gjer meister. Vi håpar ho får mykje skiglede framover.
1 kommentar:
Åhh - kjenner meg så att! :) hihi. Øving gjer mester ja, så ho må berre gå (i helga kjem det meir - til glede og gru for deko...)
Maten kjem først - så pyntinga! ;) Men sidan Pål står for maten, kan eg likevel pynta med eg orkar! :D wiiiii
Legg inn en kommentar