mandag 26. desember 2011

Jul i stova

Så er det 2.juledag og gjestane har reist heim. Vi har hatt ei koseleg julefeiring med fem voksne og to born. Mat har det vore nok av og ungane har kost seg med leikene dei har fått til jul. 
Emil har vore sjuk og har ikkje vore pigg i det heile. Då Emil ville kose med mamma og trengte trøyst, hadde vi heldigvis to bestemødre som stelte i stand mat. Om morgonen tok farmor ungane og vaska opp. Kan ein be om meir luksus? Emil er betre idag og har for første gong på fleire dagar fått sove lenge nok om dagen.
Malin har hatt ei flott julefeiring. Ho var i ekstase då pakkane skulle opnast og var ikkje så opptatt av kva som var inni, men å få opne fleire. Ho fekk mykje ho ønska seg, og leikene har vorte utprøvd både av henne og Emil. Julenissen var også på besøk, det vil seie han landa på taket med eit tramp, og la igjen godteposar til henne og Emil. Malin har snakka mykje om dette sidan.

Eg har ikkje sendt julekort i år då det var mangel på tid. Eg har hatt eksamen og resultatet var overraskande bra. Eg takkar for alle flotte kort og helsingar vi har fått, og eg lovar å kome sterkare tilbake neste år. Eg vil derfor nytte høve til å ønskje alle ei god jul vidare og eit godt nytt år.

3 kommentarer:

Lina sa...

Så vakre barn ♥ kjekt at de har kost deko og fått hjelp til avslapping ;)

Juleklem frå Vardalen ♥

Lina sa...

Takk for det! Eg og veslesøster saumfarte skogen her før me fann det ;) litt skakt og skeivt, men det høyrer med til stilen.

Veit du ka? Eg gledar meg SÅNN til vår!!!!! Wiiiiii ♥

Fjordlykke sa...

Skjønne barna dine! Høres ut som dere har hatt en fin jul. Her sliter vi også med sykdom. På julaften lå noen av gjestene strak ut på sofaen. Hjelpe meg som det blåser i dag! Det er så gale at Molly nekter å gå ut.

Ha en fortsatt fin romjul!
Klem:)