mandag 12. desember 2011

Hekla muffins, heilt utan smør

Eg er ikkje ein av dei som står i kø for å få meierismør frå Danmark. Eg er ikkje lei meg for at vi manglar smør i det heile tatt, det gjeld berre å finne alternativ. Eg laga muffins igår og bestemte meg for å gjere dei kalorifrie og heilt utan smør. Desse muffinsane er evigvarande og eit sukker for auge.
Eg kjøpte meg eit stettfat tidlegare i haust som eg har ønska meg lenge, og tanken var å ha vakre muffins til pynt på kjøkkenet. Fruktfat varer så kort, det går kanskje eit par dagar så er det ei frukt som har byrja rotneprosessen. Muffinsen er lyseblå sjølvsagt, eg kjem ikkje utanom det. Min første muffins er produsert etter oppskrift som du finn her. Eg har gjort oppskrifta litt om med glasur på toppen, men elles er det ganske likt. Garnet er bomullsgarnet Muskat frå Drops. Eg er ingen tilhengar av bomullsgarn, men ullgarn hadde ikkje vore fint. Eg er igang med å produsere fleire, forhåpentligvis litt finare, og eg vil sjølvsagt vise dokke resultatet.

7 kommentarer:

Lina sa...

FIN! ♥ flink du er!

Kathrine sa...

Så artig! Den tanken har jeg aldri tenkt engang :) Stettfatene står i skapet og vi glemmer nesten at vi har dem!

Fjordlykke sa...

Skjønn muffin! Skal prøve meg på den oppskriften, har noe garn liggende.

Klem:)

Grethe sa...

Fin blogg du har! Likte veldig godt den muffinen :)

Lina sa...

Hihi, ja, det gjer det. Dei me no har langs rekkverket på altanen må vika for ei lenger lenke, sidan dei vart for små og for korte, så ska sjå kva eg får til ;)

ps: i 2012 skal eg læra meg å hekla, og ser for meg deg som ein god læremester! :) :)

Lina sa...

Hihi, skal ikkje vera enkelt! Håpar du finn ei løysing på gardin-problemet ;) Nei, ikkje eg heller. Min skal vatnast sporenstreks - vil ha han lenge! ♥

Kos deko med film og vaksentid i kveld! ♥ Her er det "tusen" tende lys, ein slapp katt, og to slappe folk ;)

klem

Lina sa...

Hihihi ♥ Du er søt! :) Husk at det blir jul - uansett! :) Det prøver eg å sei til meg sjølv kvar dag (når stresset tar meg) ;)

klem til deg ♥