Dette er innlegg nr 500 og eg hadde tenkt å ha ei lita gåvetrekning i samband med dette. Det vert det altså ikkje, eg hadde ikkje heilt gløden akkurat no. Det kjem nok fleire stunder kor eg kan ha gåvetrekning. No er det jula som står på programmet og hovudet kvernar rundt alt eg må huske å handle. Det er likevel noko som skjer før julafta, og det er at sola snur! No har vi lysare dagar å sjå fram imot.
I eit forsøk på å fange nokre solglimt tok eg samstundes bilete av den nye krukka mi som eg kjøpte igår. Eg kjøpte to stykker. Synest dei var litt finare enn kvite, blanke IKEA-krukker til 12 kroner. Dei tova nissane er laga av ei dame her i bygda og som eg kjøpte på julemesse ifjor. Veldig fine og koselege.Skjønnaste Emil. Ungane er heime idag, heilt uplanlagt, men eg veit ikkje om dokke er klar for ei snø og bilhistorie til? Kort fortalt så har vi to bilar. Den eine treng nytt batteri. Den andre manglar bremserør etter at hurtigkjettingen på eine sida slitna og øydela bremserøret som gjer at bilen ikkje kan bremse. Så her sitt vi utan transportmoglegheiter, iallefall fram til vi får nytt batteri på to-setaren. Det vert to turar til barnehagen imorgon, men det er no betre enn ingenting. Den andre bilen må på verkstad, men NAF kan ikkje hente bilen før snøen i bakken er forsvunne. Det er ikkje så lett å kome seg opp før det. Er det rart eg masar om vind og regn?
Sol og snø er utvilsamt vakkert. I skrivande stund har eg sola i augene så då har dokke beviset for at vi har sol heile året. Er ikkje det litt status å ha sol heile året? Sei ja, eg treng nokre gode grunnar for kvifor vi bur her om vinteren.
Ikkje noko vinnarbilete det her, men Malin synest det var fint med bilete av dissestativet og "stjerna" som lyste.
Heilt til slutt, eit bilete til alle som stressar fram mot jul. Mine skitne vindauge. Eg trur ikkje eg har vaska dei meir enn ein gong sidan vi flytta inn. Og kvifor skal eg vaske og herje i den mørkaste tida av året? Det er ikkje lenge om gongen vi har sol i vindauge, det meste av døgnet er svart. Det er om våren eg har behovet for å vaske. Den skarpe sola som skin lenge inn i stova, huda er guffen og bleik og du ser alle støvkorn i heile huset. Sjølvsagt kan du vaske både vinter og vår, men det er ikkje nødvendig.
Ønskjer alle lukke til med siste innspurt i julehandelen. Husk at butikken er berre stengt i to dagar og at du treng ikkje hamstre.
3 kommentarer:
herleg innlegg :) :) vindaugene mine er nett like ;)
JA, det er status å ha sol heile årtet! Me har det og, til f eks Mamma og Pappa si store beundring & misunning, moahahaha
God jul til deg og dine, min venn! ♥
hei:) tusen takk for fin kommentar inne hos meg:) og gratulerer selv med vel bestått eksamen. Man må bestå 1 avdeling for å gå videre på 2 avdeling, så jeg starter allerede nå etter jul jeg:) Det er veldig vanskelig å få bestått på alle avdelinger. Juss er det faget i hele Norge folk flest stryker mest på, veldig vanskelig. Men jeg har lagt ned 4 måneder med masse lesing så det var godt å få lønn for strevet:) med 2 barn i tillegg har det vært tøfft. Masse lykke til med studier:) juleklem Lillan
God jul Torill!! Huff og huff så kjedelig med bilene, men det er som du sier; nå går vi mot lysere dager og snart slipper du slike problemer:) Bare et par små måneder til med kulde (sånn optimistisk sett) Ønsker deg ei fin og fredelig jul! Og la de vinduene være skitne, ingen legger merke til det uansett. Vi støvsugde såvidt i dag, gjør ikke mer;) Varme klemmer herfra
Legg inn en kommentar