mandag 21. november 2011

Eit lite livsteikn

Dagane er så korte og det er så mykje som skjer at blogging har vorte nedprioritert i det siste. Før så sa eg alltid at det er så travelt før jul, men no er det travelt både før påske, før sommarferien, etter sommarferien osv. Dagane går i eitt og det er ikkje rom for å stoppe opp. Eg skulle gjerne stanse tida ein liten time, men oldtida sine fysikarar tillot oss ikkje det då dei bestemte 60 minutt, 24 timar, 7 dagar og 365,25 dagar i året.
Midt i det travle har eg fått meg litt pynt i to stovevindauge. Emil er framleis ikkje over stadiet kor ting ikkje får vere i fred i glaskarmen så då passar det fint med "høgt oppe"-pynt. Amplane er frå IKEA, planta heiter "Pletter i luften", og det heile står godt til gardinene mine frå IKEA (lommeboka sin besteven).

3 kommentarer:

Lina sa...

dette var eit aldeles nyyyydeleg bilete, Torill! ♥ elskar plettane, gardinene, og ikkje minst ampelen! wow. herlig stemning!

og wiiiii til det med prydjordbærplantar!! :) ♥

Kathrine sa...

nyyydelig!!!

Lina sa...

Kjekt! ♥ lurar på kor opptatt eg blir av jul når eg får ungar...! mihihihi. sikkert heilt sprø. klem til deg ♥